Sørreisa
tettstad i Sørreisa i Troms og Finnmark
Sørreisa, også kalla Straumen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sørreisa kommune i Troms fylke.
Sørreisa | |||
Straumen | |||
tettstad | |||
Reisfjorden med Sørreisa i framgrunnen. I bakgrunnen kan ein sjå øya Senja.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Sørreisa | ||
Areal | 1,64 km² | ||
Folketal | 1 538 (2017) | ||
Folketettleik | 938 / km² | ||
Postnummer | 9310 SØRREISA | ||
Innbyggjarnamn | Sørreisværing | ||
Preposisjon | i Sørreisa | ||
![]() Sørreisa |

Sørreisa frå skysstasjonen mot nord. Foto: Jens Holmboe (1880–1943), Reinbeitekommisjonen, 16. april 1915
Tettstaden har 1 538 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg mellom Reisfjorden og Reisvatnet. Sørreisa har tre daglegvarebutikkar og post i butikk, hotell, bibliotek, kulturhus, kino, idrettshall og symjehall. Sørreisa sentralskole er lokalisert her, med dei fem siste klassetrinna i grunnskolen.[1][2]
Sørreisa er møtepunkt for fylkesvegane 86 og 84. I tettstaden står Straumen kapell, ei langkyrkje i tegl og tre frå 1973. Om lag 5 kilometer sørvest for tettstaden ligg bygda Skøelv.
KjelderEndra
- ↑ «De handle om å leve....midt i Troms». Sørreisa kommune. 23. september 2011. Henta 6. september 2016.
- ↑ «Sørreisa – tettstedet». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 6. september 2016.