Johan Paulsen

Johan Edvard Paulsen (29. juli 18649. juni 1947) var ein norsk redaktør og 1925-30 stortingsmann for partiet Høgre og Nordland fylke.

Johan Paulsen
Fødd29. juli 1864
Trondheim
Død9. juni 1947 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, redaktør

Paulsen var son til ein murar/steinarbeidar i Trondheim. Sjølv vart han utdanna typograf og arbeidde i Trondhjems Adresseavis frå 1882. I 1896 var han med på å etablere Lofotposten i Svolvær, der han var redaktør 1898–1935 og medeigar. Gjennom denne lange perioden arbeidde Paulsen avisa fram til å verte den største i Nord-Noreg.

Paulsen var medlem i Vågan heradsstyre frå 1901 til–17, den lengste tida som medlem i formannskapet og i 1916–17 varaordførar. Den 1. juli 1918 vart Svolvær skild ut og gjort til bykommune, med Paulsen som den fyrste ordføraren i kommunen til 1922. Han var i si tid formann i Vågan skulestyre og seinare forlikskommissær i Svolvær. Frå 1919 var han styreformann i Svolvær Sparebank. Paulsen elles formann i Nord-Norges Presseforening og i Nord-Norges Bladeierforening og dermed styremedlem i Norsk Bladeierforening.

Hausten 1924 vart Paulsen vald inn på Stortinget, attvald i 1927. På Tinget plasserte Høgre-leiinga han bolken 1925-27 i Vegkomiteen og der etter 1928-30 i Næringskomite nr 2.

KjelderEndra