Opna hovudmenyen

Johan Skipnes

norsk politikar

Johan Kristoffer Winther Skipnes (18. desember 190912. mars 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han var kommunalminister 1972-73. Han var fødd på Skardsøya i Stemshaug kommune (no Aure kommune) på Nordmøre. Han hadde ei rekkje offentlege og organisatoriske verv[1]. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1982[1].

Johan Skipnes
Fødd 18. desember 1909

Aure

Død 12. mars 2005
Molde
Parti Kristeleg Folkeparti

YrkeslivEndra

Skipnes vart utdanna klokkardiakon og var tilsett i dette yrket i Molde frå 1935 til 1937 og som klokkardiakon og helserådsassistent frå 1937 til 1945. Frå 1940 til 1941 var han forretningsførar ved Molde forsyningsnemnd, kombinert klokkardiakon og kyrkjeverje 1950-1976 og sjukehussjef i Møre og Romsdal frå 1976 til 1979[1].

KommunepolitikkEndra

Han var medlem Molde bystyre 1945-1947, ordførar 1962-1963, 1963-1965, og 1971-1973 (med fritak frå oktober 1972 til november 1973), medlem av Molde formannskap 1947-1951, 1951-1955, 1955-1959, 1959-1962, 1965-1967, 1967-1971 og 1973-1975.

FylkespolitikkEndra

Han var fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkesting 1963-1963 og 1963-1964, fylkesvaraordførar 1964-1967, 1971-1974, fylkesordførar 1975-1975 og medlem av Møre og Romsdal fylkesutval 1967-1971.

RikspolitikkEndra

Han var kommunal- og arbeidsminister i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.

BoligbyggingEndra

I 1946 var han med på å stifta Molde Boligbyggelag (MOBO) og frå 1966 til 1976 var han formann i MOBO[2]. Frå 1973 til 1982 var han representantskapsordfører i Norges Boligbyggerlag (NBBL) og frå 1983 til 1985 var han leiar for NBBL sitt framtidsutval[2].

KjelderEndra