Opna hovudmenyen

Johan Strand Johansen (3. februar 190312. februar 1970) var ein norsk journalist og politikar frå Åfjord. Han var arbeidsminister i samlingsregjeringa 1945, leia av Einar Gerhardsen. Johansen var i åtte år partisekretær i Norges Kommunistiske Parti og stortingsrepresentant åra 1945-49 og 1954-55. Han er kjend for rolla si i det såkalla Furubotn-oppgjeret.

Johan Strand Johansen
Fødd 3. februar 1903
Åfjord
Død

12. februar 1970
Moskva

Yrke politikar, redaktør, journalist

Liv og gjerningEndra

Johansen var son til ein fabrikkarbeidar frå Åfjord. I 1924 fekk han stilling som journalist i avisa Ny Tid i Trondheim. Same året vart han vald til sekretær i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, ein posisjon han hadde til 1928. Frå 1927 til 1930 studerte han ved den såkalla Lenin-skulen til Komintern i Moskva. I 1930-31 var han redaktør i Hardanger Arbeiderblad i Odda. Då han i 1931 vart vald inn i sentralstyret til Norges Kommunistiske Parti, fekk han jobb som medarbeidar i avisa Arbeideren i Oslo.

Gjennom 1920- og 1930-åra vart Johansen fleire gongar fengsla for sine politiske aktivitetar. I 1924 vart han dømd til seks vekers fengsel for rolla han spelte i Fjellseter-affæren. Sju år seinare var han sentralstyret sin representant i streikemarkeringa som sommaren 1931 utvikla seg til Menstadslaget, for dette vart han dømd til ti månaders fengselsstraff.

I 1941 vart Johansen og den russisk-jødiske kona hans, Helene Sterlina, arrestert av Gestapo og deportert til Tyskland. Kona døydde i Auschwitz i 1942, medan Johansen i store delar av verdskrigen sat internert i fangeleiren Sachsenhausen.

Etter han vart sett fri våren 1945, vart Johansen vald til partisekretær i kommunistpartiet, ein post han han hadde til 1953. Han var ein av to NKP-representantar i samlingsregjeringa i 1945. Same året var han sentral i dei mislukka samlingsforhandlingane med Det norske Arbeiderparti. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant frå Oslo, på tinget var han 1945-49 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Partitsekretær Johansen var i 1949 den fremste pådrivaren då leiinga i Norges Kommunistiske Parti gjekk til angrep mot partifellen Peder Furubotn og ein del andre NKP-medlemer, det såkalla «andre sentrum». Striden enda med at Furubotn vart utvist or partiet.

I 1953 vart Johansen vald til nestformann i partiet. Ved stortingsvalet 1953 vart han vald til stortingsrepresentant for andre gong, han fekk plass i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Han trekte seg i 1955 frå nestformannsvervet, etter han hadde vorte send til Moskva på det som vart kalla eit «kuropphald». Han var då mentalt ustabil. Seinare fekk han seg eit husvære i Moskva, og budde der frå 1957 til han døydde i 1970.

KjelderEndra