Tredje Internasjonalen

(Omdirigert frå Komintern)

Den Andre Internasjonalen gjekk i oppløysing i 1914, da mange av dei sosialistiske og sosialdemokratiske partia støtta sine eigne lands regjeringar ved krigsutbrotet, stikk i strid med dei vedtaka om kamp mot krigen som var fatta ved fleire kongressar i Internasjonalen i åra før.

Tredje Internasjonalen

LandSovjetunionen
Partileiar(ar)Grigorij Zinovjev
GrunnleggjararVladimir Lenin
Grunnlagt2. mars 1919
Nedlagt15. mai 1943
HovudkvarterMoskva
Ideologimarxisme-leninisme, kommunisme, leninisme Sjå dette på Wikidata

Den radikale russiske sosialisten Vladimir Lenin var svært vonbroten over dette sviket mot internasjonalismen, og hadde alt frå hausten 1914 som målsetjing at det måtte skipast ein ny, tredje internasjonale.

Etter kvart som første verdskrigen vara lenger og lenger, blei han meir og meir upopulær blant vanlege folk i mange land. Det oppstod ein opposisjon mot dei gamle leiingane i arbeidarpartia, ein radikal antikrigstendens. Såleis skipa tyske venstresosialdemokratar i 1916 det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD), med Rosa Luxemburg si Spartakusgruppe som venstre fløy.

Det var likevel i Russland motstanden mot den meiningslause krigen og nauda han skapte var sterkast, og i mars 1917 braut den første av to russiske revolusjonar dette året ut. Tsaren måtte gå av, og landet fekk ei provisorisk regjering. Men denne valde å halde fram med krigen, og det førte til at ho blei upopulær. Derfor var det praktisk tala ingen som forsvarte denne regjeringa da ho blei styrta ved eit bolsjevikisk kupp den 7. november 1917.

Bolsjevikane var formelt ei fløy av Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti (RSDRP) under leiing av nemnde Lenin, men hadde reelt i stor grad vore eit eige parti i fleire år. Lenin gjorde i 1919 som han hadde tenkt heilt sidan samanbrotet i den gamle internasjonalen i 1914, han skipa ein ny ein. Alt året før hadde Lenin fått igjennom eit namneskifte i partiet sitt, det heitte no det Russiske Kommunistiske Partiet (bolsjevikane). Lenin ville bryte med den gamle arbeidarrørsla som han meinte hadde svike så grovt, han ville byggje ei ny arbeidarrørsle med nytt namn og ein ny internasjonale. Derfor blei den Kommunistiske Internasjonalen, med kortformene KI eller Komintern, danna. Dette var den Tredje Internasjonalen.

Det gjekk ei radikaliseringsbølgje over store delar av Europa på slutten av første verdskrigen. Nokre av dei store sosialistpartia som ikkje hadde blamert seg med krigsstøtte ville vere med i den nye internasjonalen, såleis mellom andre Det norske Arbeidarpartiet (DNA) og Det italienske Sosialistpartiet (PSI). Andre breie venstreparti som det tyske USPD tenkte og på innmelding.

Men i staden for å bli ei brei samling av heile den internasjonale venstrefløya sytte Lenin for ei kraftig innsnevring, da han fekk vedteke dei såkalla «Moskvatesene» i 1920, 21 opptaksvilkår for medlemskap, som medvite tok sikte på å fjerne alle "reformistar og sentristar".

Gradvis blei den Tredje Internasjonalen ei forsamling av nye reint kommunistiske parti, dei aller fleste med støtte berre frå eit mindretal av arbeidarklassen, mens dei sosialistiske og sosialdemokratiske massepartia fekk att mykje av posisjonen sin i dei fleste land, og jamvel fekk gjenoppliva den Andre Internasjonalen, under namnet den Sosialistiske Arbeidar-Internasjonalen (SAI). Frå slutten av 1920-talet blei den Tredje Internasjonalen i stadig større grad ein reiskap for sovjetisk utanrikspolitikk, styrt av Josef Stalin som alt anna, prega av stadige brå linjeskift påtvinga medlemspartia ovanfrå og utanfrå.

Under den andre verdskrigen fann Stalin ut at han ikkje hadde bruk for den tredje Internasjonalen lenger, og oppløyste den utan vidare i 1943.

Sjå òg endre

Kjelder endre