Menstadslaget var ein samanstøyt som fann stad 8. juni 1931 på Menstad (mellom Porsgrunn og Skien i Telemark) mellom arbeidarar på den eine sida og politistyrkar og militæravdelingar på den andre.

Menstad bru

Bakgrunn endre

Menstadslaget var ein del av den største arbeidskonflikten som har vore i Noreg i moderne tid; stor-lockouten i 1931. Lockouten varte frå februar til august det året. 60 000 arbeidarar var utestengd frå arbeidsplassane, og 7,5 millionar arbeidsdagar gjekk tapt. Dei mange konfliktane mellom arbeidarar og arbeidsgjevarar førte fram mot kompromisset hovudavtalen i 1935.[1] NAF avgjorde at løna skulle setjast ned mellom 15 og 20 prosent på grunn av rasjonaliseringspolitikken. LO godtok ikkje dette, og føreslo ein reduksjon av arbeidstida. NAF svara med lockout. Medan lockouten pågjekk lét Norsk Hydro og Union Co. nokre kontraktsarbeidarar utføra ein del arbeid. Dette vart oppfatta som streikebryteri og førte til ei opptrapping av konfliktnivået.

Det vart ei hissig stemning der sekretæren i Arbeidarpartiet, seinare statsminister Einar Gerhardsen, kalla streikebrytarane «skabbdyr» og direktør Bjarne Eriksen i Hydro sa at dette var ein kamp mellom Arbeidarpartiet og samfunnet. Om ettermiddagen 8. juni marsjerte 2 000 arbeidarar, dei fleste organisert i LO-forbundet Norsk Kjemisk Industriarbeidarforbund, til Hydro si utskipingshamn og lasteplass på Menstad, der 100 statspolitifolk passa på kontraktsarbeidarane. Statspolitiet var leia av Jonas Lie den yngre. Det vart ein valdsam samanstøyt der tre politimenn vart alvorleg skadde. Kolstad-regjeringa, der Vidkun Quisling var forsvarsminister, sende eit heilt gardekompani på 145 soldatar frå Oslo, og fire marinefartøy vart sende opp Skienselva for å halda ro og orden, men desse vart aldri sett inn mot arbeidarane. Slaget varte i ca. fem minutt, og fagforeininga gav til slutt opp.

I rettsoppgjeret som følgde, vart 30 av dei streikande tiltalte, og 24 vart dømde til bøter og fengsel inntil tolv månader. Av desse var 16 medlemmar av Norges Kommunistiske Parti, to frå Arbeidarpartiet og 6 partilause.

Den opphissa stemninga må sjåast i bakgrunn av den internasjonale situasjonen med valdelege samanstøytar i mange land, radikaliseringa av fagrørsla i tida etter den første verdskrigen og at svenske soldatar skaut og drap streikande arbeidarar i Ådalen same vår.

Referansar endre

  1. Norgeshistorie.no, Knut Kjeldstadli: «Fra gatekamper til faste forhandlinger». Henta 30. desember 2016.

Bakgrunnsstoff endre

59°10′35″N 9°37′05″E / 59.17639°N 9.61806°E / 59.17639; 9.61806