Johan Wiik
Johan Taraldsson Wiik (8. mars 1885–3. oktober 1970) var ein norsk arbeidar og politikar frå Fosnes i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1957.
Johan Wiik | |||
Fødd | 8. mars 1885 Otterøya | ||
---|---|---|---|
Død | 3. oktober 1970 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | ||
Yrke | politikar, bonde, fiskar, havnearbeider | ||
Alle verv |
|
Wiik var son til ein plassmann og tømmermann på Otterøya. I ungdomen gjekk han både framhaldsskule og vinterkurs ved Namdal folkehøgskole. Han arbeidde i ulike yrke, både i fiskeri, i sjøfart langs kysten og med losse- og lastearbeid på hamna i Namsos. Eitt år var han maskinagent og i 1918-19 forretningsførar i 'Namdalens Socialdemokrat' i Namsos. Krigsåra 1940-45 dreiv han gard i Kattmarka i Vemundvik herad.
I 1912 var Wiik sentral då Namsos kaiarbeiderforening vart stifta. Han var medlem av Namsos bystyre 1923-28 og 1932-40, varaordførar i 1926 og ordførar i 1927. Hausten 1927 vart han vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet. Gjennom seks attval representerte Wiik Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget i 30 år. Han var medlem i Veg- og jarnbankeomiteen til mars 1948 og i Finanskomiteen ut 1949. Frå 1950 hadde han sete i Utanriks- og konstistusjonskomiteen. Han var visepresident i Odelstinget 1948-49 og i Stortinget 1950-57.