Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

norsk politisk parti

Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) blei danna den 1. mars 1921, etter at konflikten mellom Den socialdemokratiske opposition og fleirtalsretninga i Det norske Arbeidarpartiet (DNA) nådde høgdepunktet sitt. Konflikten dreia seg mykje om DNA framleis skulle vere medlem i Den Kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og blei tilspissa ved at fleirtalet med Martin Tranmæl i brodden godtok dei såkalla «Moskvatesene», dei autoritære vilkåra for medlemskap denne organisasjonen hadde vedteke i 1920. Eitt av desse vilkåra var å ekskludere «reformistar» og «sentristar», og medlemene i den organiserte sosialdemokratiske opposisjonen kunne etter dette vente å bli utestengde kva tid som helst. Dei bestemte seg difor for å skipe parti før det kom til det.

Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti
LandNoreg
Grunnlagt1921
Nedlagt1927

Blant dei fremste medlemene i NSA var Olav Oksvik frå Møre og Romsdal, som blei reisesekretær for det nye partiet.

Bakgrunn endre

Konflikten i arbeidarrørsla dreia seg djupast sett om demokratiet. Den socialdemokratiske opposition blei etablert etter at landsmøtet i DNA i 1918 vedtok at dei ikkje nødvendigvis ville respektere folkefleirtalet. Dette prinsippet om folkefleirtalet var det som opposisjonen bygde på, og difor kom ikkje samanslutninga mellom NSA og DNA da det «tranmælittiske» DNA til slutt ikkje ville godta alle vilkåra for medlemskap i Komintern likevel, og trekte seg ut av organisasjonen. Samlinga kom først i 1927 da DNA godtok prinsippet om folkefleirtalet.

Den demokratiske sosialismen til desse sosialdemokratane kom godt til uttrykk i mellom anna denne fråsegna frå landskonferansen til Den socialdemokratiske opposition i november 1919:

«I erkjennelse av at tilslutning fra folkeflertallets side er nødvendig for å sikre en konsekvent gjennemførelse av socialismens økonomiske og politiske program, hevder den socialdemokratiske opposition som sin oppgave (...) å virke for sosialismens gjennomførelse bygd på folkestyret

Den politikken Arbeidarpartiet stod for frå 1933 og frametter, med Johan Nygaardsvold i brodden, var i høg grad påverka av folk som Olav Oksvik, den tidlegare NSA-medlemen. Demokratisk bygdevenleg sosialisme med praktisk innretning, så langt ein kunne gå utan fleirtal på stortinget.

Etter andre verdskrigen, og særleg etter den kalde krigen tok til, var mange av dei gamle sosialdemokratane frå 1920-talet hamna på venstre fløy i Arbeidarpartiet, fordi dei framleis var sosialistar (og no hadde arbeidarrørsla fleirtal), fordi dei framleis var bygdevenlege og fordi dei gjekk inn for ein nordisk forsvarsallianse i staden for medlemskap i NATO. Nokre av dei såg med velvilje på den nye opposisjonelle avisa Orientering (skipa 1953), som til liks med dei sjølve heller ikkje ville fare verken til Moskva eller Washington, men stå på eit tredje, sjølvstendig demokratisk-sosialistisk standpunkt. Ut frå krinsen rundt avisa Orientering (seinare vekeavisa Ny Tid) sprang ellers Sosialistisk Folkeparti i 1961, forløparen til det noverande Sosialistisk Venstreparti (SV).

Bakgrunnsstoff endre