Johan Lukas Wissman (fødd 2. november 1982) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsingborg. Han vann sølvmedaljen på 200 meter under EM i friidrett 2006 i Göteborg og sigra på 400 meter ved innandørs-EM 2009 i Torino.

Johan Wissman


Statsborgarskap Sverige
Fødd 2. november 1982 (41 år)
Helsingborg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Wissman vart andremann på 200 meter i innandørs-VM 2004 med tida 20,72 sekundar, 0,06 sekund attom vinnaren Dominic Demeritte frå Bahamas. Under europameisterskapen 2006 i Göteborg forbetra Wissman i semifinalen den svenske rekorden på 200 meter til 20,38. I finalen tangerte han rekorden og sikra seg sølvmedaljen, einast Francis Obikwelu som representerte Portugal sprang fortare.

Frå 2007 satsa Wissman mest på 400-meteren. Under verdsmeisterskapen 2007 sette han nordisk rekord på distansen med 44,56 sekundar, før han i finalen sprang i mål på 44,72 og vart sjuandemann. Fire veker etter VM forbetra Wissman den svenske 200-meterrekorden til 20,30 sekundar då IAAF-finalane fann stad i Stuttgart. I Sommar-OL 2008 tok Wissman seg til 400- meterfinalen på ny, der enda han på åttande og sisteplass.

I mars 2009 sprang Wissman inn til siger på 400 meter ved innandørs-EM i Torino. Perioden 2002-14 vart han svensk meister 14 gongar; ein gong på 100 m, 8 på 200 m og 5 på 400 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i 4 x 400 m stafett (3.04,0=nr 16)
  • EM 2002 i München: Utslått i semifinalane på 200 m (=nr 23)
  • VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 200 m (20,66=nr 14)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,74=nr 21)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 200 m (21,16=nr 17). Utslått 4 x 400 m stafett (3.03,6=nr 12)
  • EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje på 200 m – 20,38, bakom Francis Obikwelu (20,01)
  • VM 2007 i Osaka: Nr 7 på 400 m – 44,72
  • OL 2008 i Beijing: Nr 8 på 400 m – 45,39
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane på 400 m (=nr 24)
  • EM 2010 i Barcelona: Utslått i semifinalane på 200 m (20,77=nr 9)
  • EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 400 m (46,35=nr 10)
  • EM 2014 i Zürich: Utslått i forsøka på 200 m (20,82=nr 18) og på 400 m (46,93=nr 33)
  • EM 2016 i Amsterdam: Utslått i semifinalane på 200 m (=nr 24) og i 4 x 100 m stafett (39,37=nr 11)

Kjelder endre