Jeanne d'Arc si underskrift

Johanna og Johanne er kvinnenamn danna som ei hokjønnsform av det greske namnet Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.

Kortformer av namnet i norsk er Hanna, Hanne, Janna og Janne. Jankva (slavisk), Joan, Jane (engelsk) og Jeanne (fransk) er døme på andre former av namnet.

Johanna og Johanne har namnedag i Noreg den 21. juli.

Bruken av namnet i NoregEndra

Namnet har vore mykje brukt i Noreg, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste tjue åra har populariteten til namnet stige.

Nordmenn som oppgav Johan(n)a eller Johanne som fornamn i folketeljingane:

  • 1801: Ca. 9 800
  • 1900: Ca. 32 200

Bruken i dag:

  • 2007: Ca. 1950 hadde Johanna til første fornamn
  • 2007: Ca. 4760 hadde Johanne til første fornamn

Johanna som bibelsk namnEndra

  • Johanna, ei av kvinnene som fylgde Jesus, og som sidan vart blant dei første til å vitne om at han va stått opp or grava (Evangeliet etter Lukas, 8.3 og 24.10)

Kjende namneberararEndra

 
Jeanne d'Arc

KjelderEndra