Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker, (15. februar 193627. april 2020), var ein norsk lokalhistorikar, filolog, poet og omsetjar frå Voss.[1]

Johannes Gjerdåker
Fødd 15. februar 1936Rediger på Wikidata
Voss
Død

27. april 2020

Yrke omsetjar, lyrikar, historikar
Debut Skot på gammal stuv

Gjerdåker var cand.philol. frå Universitetet i Oslo, dreiv sitt eige Vestanbok forlag, skreiv lokalhistoriske bøker, bygdebøker og bedriftssoger og gav ut ei rad attdiktingar. Gjerdåker var målmann, gav ut skrifter av Ivar Aasen og var lenge fast spaltist i Avisa Hordaland. Han skreiv òg mange innlegg i Dag og Tid og andre aviser og tidsskrift.[2]

Han omsette òg Beatles' «When I’m Sixty-Four» for Ivar Medaas og Joni Mitchells «Both sides now» for Herborg Kråkevik.

Til 70-årsdagen hans i 2006 vart han tileigna eit festskrift. Vennen Nils Ryum hadde også omsett William Goldings Arvtakerne som ei gåve til jubilanten.

Eit utval bøkerEndra

Prisar og utmerkingarEndra

Han vart i 1996 gjeven Bastianprisen for gjendiktinga av Robert Burns sine Dikt og songar og fekk Melsomprisen i 1999. I 2005 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing (for Odar av Horats, andre samling.)[3] Han fekk Voss kommunes kulturpris i 1992, og i 2001 fekk han Hønnørprisen frå fondet til Halldor O. Opedal.

KjelderEndra

  1. David Aasen/Det Norske Samlaget: Gjendiktaren - Johannes Gjerdåker (1936.2020) - Klassekampen 8. mai 2020
  2. Birgisson, B. (2020, 30. april). Johannes Gjerdåker (1936-2020). Dag og Tid, s. 25.
  3. «Kritikerprisen for beste oversettelse 2005 til Johannes Gjerdåker». Kritikerlaget. Henta 10. november 2016. 

BakgrunnsstoffEndra