Johannes Hevelius
Johannes Hevelius (28. januar 1611–28. januar 1687) var ein tysk astronom frå Gdańsk og ein av de mest aktive astronomiske observatørane på 1600-talet. Han fann rotasjonstida til sola, og var den første som gav ei skildring av dei lyse områda som finst nær solflekkar. Han kalla områda faklar, eit namn som framleis er i bruk. Hevelius utgav det første detaljerte kartet over månen, Selenographia (1647). Han laga ein katalog på over 1500 stjerneposisjonar, Uranographia, som òg inneheldt eit vakkert stjerneatlas. Katalogen vart utgjeven i 1690. Verket til Hevelius er redusert sidan han ikkje nytta kikkert, men føretok alle observasjonar med det nakne auga.
Johannes Hevelius
Jan Heweliusz | |
![]() Johannes Hevelius, by Daniel Schultz | |
Fødd | 28. januar 1611 , Danzig (Gdańsk) i Det polsk-litauiske samveldet |
---|---|
Død | 28. januar 1687 (76 år), Danzig |
Nasjonalitet | Det polsk-litauiske samveldet, Gdańsk |
Område | astronomi |
Yrke | astronom, gründer, kartograf, brygger |
Alma mater | Leiden universitet |
Kjend for | topografi på månen |
Ektefelle | Elżbieta Koopman Heweliusz |
Medlem | Royal Society |
Kjelder Endra
- «Johannes Hevelius», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014