Opna hovudmenyen

Johannes Klæbo

Norsk langrennar

Johannes Høsflot Klæbo (fødd 22. oktober 1996) er ein norsk langrennar frå Trondheim. Han vann bronsemedaljen i sprintøvinga under Ski-VM 2017 og vart same sesongen norsk meister i same øvinga.

Johannes Klæbo

2018-01-13 FIS-Skiweltcup Dresden 2018 (Siegerehrung Männer) by Sandro Halank–041.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. oktober 1996
Trondheim
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Vinteren 2016 vann Klæbo tre av tevlingane då juniorverdsmeisterskapen i nordiske greiner fann stad i Râșnov i Romania, to individuelle og ei i stafett. Førjulssesongen 2016 overraska han med pallplassar i verdscuprenn i både Ruka og på Lillehammer. Under noregsmeisterskapen 2017 i Gran kommune vann han sprinttevlinga og tok sølvmedaljen på 15 km, slått einast av Didrik Tønseth. Den 18. februar tok han for fyrste gong steget til topps i eit verdscuprenn då han vann sprintrennet i Otepää i Estland. Like etterpå deltok han i Ski-VM 2017 i Lahtis og vann VM-bronsen i sprint, medan det vart fjerdeplass i lagsprinten ettersom lagkamerat Emil Iversen fall litt før målgang. 18. mars 2017 spurta han inn siger i 15 km fellesstart i Quebec i Canada og dagen etter vann han nok ein spurt i sjølve verdscupavslutninga. Dermed stod han som vinnar av langrennsturneringa i Canada og vinnar av sprintverdscupen 2017. I Verdscupen 2017 enda han på fjerdeplassen.

Gjennom november-desember 2017 viste Klæbo seg som den klart beste langrennaren i verda. I løpet av fire veker sanka han ikkje mindre enn sju sigrar i verdscuprenn; tre tevlingar i Ruka-turneringa, begge renna på Lillehammer, sprintøvinga i Davos og ein 15 km jaktstart i Toblach.

KjelderEndra