For byen, sjå Québec
Québec
Geografisk plassering

Provins i Canada

Hovudstad Québec
Flatevidd

 - Rangering i Canada

1 542 056 km²

2.

Folketal (2017)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

8 484 965

2.
5,6/km²

Grunnlagd 1. juli 1867
Offisielle språk fransk
Premierminister
Visekonge
François Legault
Joseph Michel Doyon
Nettstad www.gouv.qc.ca
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Québec (fransk [kʰeˈbɛk]høyr )) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Québec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær St. Lawrence-elva. Han grensar til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.

Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen. Québec vert difor sett på som ein eigen nasjon internt i Canada.

Namn endre

 
Samuel-de-champlain

Ordet quebec - som betyr 'der elva smalnar' på algonkinsk - vart brukt av algonkin-, cree og mi'kmaq-folk for å visa til innsnevringen av St. Lawrence-elva ved Cap Diamant, grunnleggarstaden til byen Québec (3. juli 1608) og «byrjinga av landet og provinsen Canada» (7. september 1535).[1] I 1632 beskreiv Samuel de Champlain staden slik: «[…] eit sund i elva, som indianarane seier […].»[2] Namnet er attestert med ulike stavemåtar: Qvebecq i 1601;[3] Quebeck eller Kébec i 1609;[4] Québec i 1613.[5] og Kebbek[6]

Kjelder endre

  1. Jacques Cartier (1535). Brief recit de la navigation faicte es ysles de Canada. s. 25. 
  2. William B. Hamilton (1978). The Macmillan book of Canadian place names. Toronto: Macmillan of Canada. s. 225. 
  3. Guillaume Levasseur de Beauplan. «Carte de l'océan Atlantique, 1601» (på fransk). 
  4. Marc Lescarbot (1609). Histoire de la Nouvelle-France,. Paris: chez Jean Milot. 
  5. de Champlain, Samuel (1925-01), The Works of Samuel de Champlain: 1608-1613, Champlain Society, ISBN 978-0-8020-1760-4, henta 27. november 2020 
  6. Gaudreau, Guy, 1953- (1999), Les récoltes des forêts publiques au Québec et en Ontario, 1840-1900, McGill-Queen's University Press, ISBN 978-0-7735-6742-9, OCLC 181843638, henta 27. november 2020 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Quebec
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.