Johannes M. Norman

Johannes Musæus Norman (28. oktober 182315. januar 1903) var ein norsk lækjar, botanikar og forstmann. Han var fødd i Asker og døydde i Oslo.

Johannes M. Norman
Acta Horti berg. - 1903 - tafl. 16. - Johannes Musaeus Norman.jpg
Fødd 26. oktober 1823
Asker
Død

15. januar 1903 (79 år)
Christiania

Yrke botanikar, mykolog

Norman vart cand. med. i 1848. Året etter vart han universitetstipendiat i botanikk og la dei neste åtte åra ut på mange granskingsferder i Noreg. Han studerte også botanikk i Wien, Paris og i Italia. Frå 1856 førelas han i botanikk ved universitetet i Oslo. På fransk språk gav han ut eit planteanatomisk verk. I 1858 reiste han til forstakademiet i Aschaffenburg i Bayern, der han studerte skogbruk.

Perioden 1860-76 var Norman forstmeister i Finnmark, der han la grunnen for ordna tilhøve vedkomande jordsal, kolonisasjon og skogbruk. Mellom anna gjorde han opptaket til ei lov om sal av statsjord i Finnmark, 1863. I alle åra han budde i Finnmark granska han plantelivet i Finnmark.

Norman fekk i 1876 årleg løn frå staten for å drive med botanikk, dermed vart han den aller første statsstipendiaten i Noreg. Trass i mykje sjukdom i sine seinare år, makta han å arbeide seg gjennom alt materialet han hadde samla og gje ut Norges arktiske Flora i tida 1894-1901. Boka har vore omtala som eit storverk i norsk plantegeografisk litteratur.

KjelderEndra