John Austrheim
John Andersson Austrheim (10. oktober 1912–13. april 1995) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Han var 1967-73 formann i Senterpartiet, og 1972-73 samferdsleminister i Korvald-regjeringa.
John Austrheim | |||
Fødd | 10. oktober 1912 Gloppen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 1995 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Leiar for Senterpartiet 1967–1973 | ||
Føregangar | Per Borten | ||
Etterfylgjar | Dagfinn Vårvik | ||
Verv | Norsk samferdsleminister 18. oktober 1972–16. oktober 1973 | ||
Føregangar | Reiulf Steen | ||
Etterfylgjar | Annemarie Lorentzen | ||
Verv | Ordførar i Gloppen 1956–1962 | ||
Føregangar | Alf Gloppestad | ||
Etterfylgjar | Elias Eimhjellen | ||
Alle verv |
|
Austrheim var odelsgut til eitt av bruka på matrikkelgarden Austrheim vest for Sandane, kommunesenteret i Gloppen. Skuleåret 1932/33 gjekk han Nordfjord ungdomsskule, før han i si tid tok over farsgarden på Austrheim.
I 1945 vart Austrheim medlem av kommunestyret i Gloppen kommune, eit verv han hadde til 1951. Ved kommunevalet 1955 kom han innatt i kommunestyret, og vart vald til ordførar. Han var ordførar frå 1956 til 1962.
Hausten 1961 fekk Austrheim stortings-plass frå Sogn og Fjordane, vald for Senterpartiet. I sine 16 år som tingmann var han 1961-65 medlem i Sosialkomiteen, 1965-69 i Kommunalkomiteen, 1969-71 i Utanrikskomiteen, sesjonen 1971/72 på ny i Sosialkomiteen, og 1973-77 i Industrikomiteen.
Då mangeårig Senterparti-formann, og dåverande statsminister Per Borten, i 1967 sa nei til å halde fram som partiformann, vart Austrheim vald til ny formann i Senterpartiet. I perioden frå oktober 1969 til mars 1971 var han også parlamentarisk leiar i Senterpartiet.
Då Lars Korvald skipa regjering i oktober 1972, fekk Austrheim posten som samferdsleminister, ein post han hadde til Korvald-regjeringa gjekk av i oktober 1973. Ved landsmøtet i Senterpartiet i 1973 overlet Austrheim formannsvervet til Dagfinn Vårvik.