John Bettis
John Bettis (fødd 24. oktober 1946) er ein USA-amerikansk tekstforfattar som har skrive tekst til mange kjende popsongar. I 2011 vart han innlemma i Songwriters Hall of Fame og Nashville Songwriters Hall of Fame.
John Bettis | |||
| |||
Fødd | 24. oktober 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Long Beach | ||
Fødenamn | John Bettis | ||
Opphav | Long Beach, California | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Pop, rock, rhythm and blues, adult contemporary | ||
Instrument | banjo | ||
Tilknytte artistar | The Carpenters, Michael Jackson, Madonna, Peabo Bryson, Whitney Houston | ||
Verka som | Tekstforfattar | ||
Prisar | Songwriters Hall of Fame, Nashville Songwriters Hall of Fame |
Han var opphavleg ein del av bandet Spectrum, i lag med Richard og Karen Carpenter. Han skreiv teksten til «Top of the World», ein stor hit for både Lynn Anderson og The Carpenters. Han skreiv fleire tekstar for The Carpenters, som «Only Yesterday», «Goodbye to Love» og «Yesterday Once More». Han skreiv seinare hittar for andre artistar som Madonna («Crazy for You»), Michael Jackson («Human Nature»), The Pointer Sisters ("Slow Hand»), Diana Ross («When You Tell Me That You Love Me»), Jennifer Warnes («Nights Are Forever»), Peabo Bryson («Can You Stop the Rain»), George Strait («Heartland»), Ronnie Milsap («Only One Love in My Life») og Barbara Mandrell («One of a Kind Pair of Fools»).[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Bettis» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Biografi
- EMI-biografi
- ↑ «John Bettis». biography. emimusicpub.com. Henta 3. februar 2015.