Top of the World av The Carpenters
Top of the World Singel av The Carpenters frå albumet A Song for You | ||
B-side |
«Heather» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. september 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Countrypop | |
Lengd | 2:56 | |
Selskap | A&M 1468 | |
Komponist | Richard Carpenter, John Bettis | |
Tekstforfattar | Richard Carpenter, John Bettis | |
Låtskrivar(ar) | Richard Carpenter; John Bettis | |
Produsent | Jack Daugherty | |
The Carpenters-kronologi | ||
«Yesterday Once More» (1973) |
Top of the World | «Jambalaya (On the Bayou)» (1974)
|
«Top of the World» er ein song frå 1972 av The Carpenters. Han vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av duoen i 1972 på albumet A Song for You. Singelen toppa Billboard Hot 100-lista i USA seint i 1973 og vart den andre av tre nummer-ein-singlar for duoen, etter «(They Long to Be) Close to You» og før «Please Mr. Postman.» Opphavleg var songen berre meint for albumet, men countrysongaren Lynn Anderson spelte inn songen og var den første som gav han ut på singel. Versjonen hennar nådde andreplassen av countrylista i USA. Karen Carpenter spelte inn songen på ny for det første samlealbumet til duoen, sidan ho ikkje var heilt nøgd med originalinnspelinga.
I Japan vart songen nytta som kjenningsmelodi for den japanske dramaserien Miseinen i 1995. Han er òg nytta i filmen Shrek Forever After i 2010.
Medverkande
endre- Karen Carpenter - Solo- og korvokal
- Richard Carpenter - korvokal, klaverinstrument (Wurlitzer elektrisk piano)
- Joe Osborn - bassgitar
- Hal Blaine - trommer
- Buddy Emmons - pedalsteelgitar
Lister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Singlar | 1 |
Nederland Mega Single Top 100[1] | 12 |
Tyskland Media Control Charts[2] | 38 |
Irish Singles Charts | 3 |
Japan Oricon singelliste | 21 |
Record World | 3 |
UK Singles Chart | 5 |
Ultratop Flandern[3] | 27 |
US Billboard Hot 100 | 1 |
US Billboard Easy Listening | 2 |
Andre versjonar
endreAndre artistar som har spelt inn songen er Þuríður Sigurðardóttir, Vikingarna (på svensk som «På världens tak» i 1974, den første songen deira som nådde toppen av Svensktoppen[4]), Claude Valade (på fransk som «Au bout du monde», Ami Aspelund (på finsk), Mark O'Connor, Stikky, Dana Winner, The Sugarcubes, Shonen Knife, Bourbon Gautier, Naomi & Goro, Mona Gustafsson og Me First and the Gimme Gimmes.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Top of the World (The Carpenters song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carpenters - Top Of The World (in Dutch). dutchcharts.nl. Henta 27. november 2013.
- ↑ Single - Carpenters, Top Of The World (in German). charts.de. Henta 27. november 2013.
- ↑ Carpenters - Top Of The World (in Dutch). ultratop.be/nl. Henta 27. november 2013.
- ↑ Svensktoppen - 1974