John Collett Bredesen (20. januar 180615. april 1880) var ein norsk gardbrukar, verkseigar, skogeigar og stortingsmann frå Brandval i Hedmark.

John Bredesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1806
Død

15. april 1880 (74 år)

Yrke forretningsdrivande

Bredesen var son til skogeigaren og gardbrukaren Lars Bredesen. Han tok over og dreiv garden Hvam frå 1830 til –42. I 1842 vart han eigar av Odals Verk i Sør-Odal og busette seg der. På 1850-talet dreiv han som skogspekulant i stor stil, mykje takk vere lettvint tilgjenge til pantelån i Kongeriket Norges Hypothekbank. Frå 1857 fekk han ytterlegare tilgang på kapital hos Den norske Creditbank, leia av Adolf Bredo Stabell. Ei stor handelskrise i 1857 og fleire dårlege år i jordbruket knekte økonomien til Bredesen, som på den tid var den mektigaste mannen i innlandsbygdene. Han gjekk konkurs i 1865 og mista då alle eigedomane sine, derimellom mykje jordegods. Gjelda i boet var på over 600 000 spesidalar.

Bredesen var ordførar 1846-47 i Brandval. Han representerte Hedemarkens amtStortinget både i 1848 og 1851, begge gongane var han medlem av næringskomiteen. Han var elles medlem av skoglovskommisjonen av 1849.

I 1866 busette han seg garden Jølstad i Brandval, der han døydde 14 år seinare.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972