John Helliwell
John Anthony Helliwell (fødd 15. februar 1945) er ein engelsk musikar og saksofonist og blåseinstrumentalist for rockebandet Supertramp.[1] Han har òg vore seremonimeister på konsertane til bandet og snakka og spøkt med publikum mellom songane.
John Helliwell | |||
Helliwell på scenen i mai 2011 | |||
Fødd | 15. februar 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Todmorden i West Yorkshire Storbritannia | ||
Fødenamn | John Anthony Helliwell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Saksofon, klarinett, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Supertramp, The Alan Bown Set, Super Big Tramp Band | ||
Verka som | Musikar |
Helliwell spelte med The Alan Bown Set, der han erstatta Dave Green i januar 1966[2] før han kom inn i Supertramp i 1973[3] i lag med bassist Dougie Thomson, som overtydde Helliwell om å bli med. I 2004 skipa Helliwell bandet Crème Anglaise i lag med Mark Hart, som kom med i Supertramp i 1985. Denne gruppa spelte inn eit sjølvoppkalla debutalbum i 2005.
I 1987 spelte Helliwell på Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason, der namnet hans var feilskrive som «Halliwell».[4] Dette skjedde etter at Pink Floyd-gitaristen David Gilmour hadde spelt på Supertramp-albumet Brother Where You Bound. Helliwell spelte òg med den franske songaren Jean-Jacques Goldman i 1985 på albumet Positif.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Helliwell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine & Andrew Leahe. «Supertramp». All Music Guide. Arkivert frå originalen 4. oktober 2009.
- ↑ Jeff Bannister (2007). «The Alan Bown Set». Henta 1. juli 2010.
- ↑ «Supertramp biography». MusikarGuide.com. Henta 26. februar 2010.
- ↑ A Momentary Lapse of Reason