Opna hovudmenyen
A Momentary Lapse of Reason
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 7. september 1987
Innspelt November 1986 til mars 1987
Studio Astoria Studios i London; Mayfair Studios i London; Britannia Row Studios i London; Audio International i London; A&M Studios i Los Angeles; Village Recorders i Los Angeles; Can Am Studios i Los Angeles; Le Mobile[1]
Sjanger Rock
Lengd 51:14
Selskap
Produsent
Pink Floyd-kronologi
Works
(1983)
A Momentary Lapse of Reason Delicate Sound of Thunder
(1988)


Singlar frå A Momentary Lapse of Reason
  1. «Learning to Fly» / «Terminal Frost»
    Utgjeve: 14. september 1987
  2. «On the Turning Away»
    Utgjeve: 14. desember 1987
  3. «One Slip»
    Utgjeve: 13. juni 1988

A Momentary Lapse of Reason er det trettande studioalbumet til Pink Floyd, utgjeve 7. september 1987 på EMI og Columbia. Det var det første albumet deira etter at Roger Waters forlét bandet i 1985 og produksjonen var prega av ei rettssak om retten til namnet Pink Floyd. Saka vart ikkje løyst før fleire månader etter albumet kom ut. Albumet vart hovudsakleg spelt inn i den ombygde husbåten til gitaristen David Gilmour, Astoria.

I motsetnad til mange av dei tidlegare Pink Floyd-albuma var ikkje A Momentary Lapse of Reason eit konseptalbum. Det vart nytta bidrag frå fleire låtskrivarar som ikkje var med i bandet, etter at Gilmour valte å bruke songar han ein gong hadde tenkt å bruke på det tredje soloalbumet hans. Albumet vart marknadsført av ein suksessrik verdsturné og tre singlar: den doble A-sida «Learning to Fly» / «Terminal Frost», «On the Turning Away» og «One Slip».

A Momentary Lapse of Reason fekk blanda kritikk då det kom ut. Kritikarane likte produksjonen og instrumenteringa, men ikkje låtskrivinga til Gilmour, som vart slakta av Waters. Albumet selde betre enn det førre Pink Floyd-albumet, The Final Cut, og nådde tredjeplassen i både Storbritannia og USA. Siden den gongen har det selt nesten fem millionar eksemplar.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Etter Pink Floyd av ut The Final Cut i 1983, som mange såg på som eit album som i røynda var eit soloalbum av bassisten og låtskrivaren Roger Waters,[2][3] arbeidde bandmedlemmane på kvar sine soloprosjekt. Gitaristen David Gilmour uttrykte kjenslene sine om det anstrengde forholdet hans til Waters på det andre soloalbumet sitt, About Face (1984), og fullførte den etterfølgjande turneen medan Waters byrja å turnere med det første soloalbumet sitt, The Pros and Cons of Hitch Hiking.[4] Sjølv om begge hadde med seg ei rekkje dugande musikarar, som Eric Clapton som spelte for Waters, tiltrekte soloprosjekta deira langt mindre merksemd enn Pink Floyd. Dårleg bilettsal tvang Gilmour til å avlyse fleire konsertar, og kritikaren David Fricke meinte at Waters-showet var «eit grettent ekko, eit transparent forsøk på å bevise at det var Roger Waters som var Pink Floyd».[5] Waters vendte attende til USA i mars 1985 med turné nummer to, og denne gongen utan støtte frå CBS Records, som hadde sagt dei føretrekte eit nytt Pink Floyd-album. Waters kritiserte selskapet for å vere «ein maskin».[6]

Etter at trommeslagaren Nick Mason såg ein av konsertane til Waters i London i 1985, kjende han at han sakna å turnere som Pink Floyd. Konserten skjedde samstundes med at han gav ut det andre soloalbumet sitt, Profiles, der Gilmour song på ein song.[7][8] Mason og Gilmour hadde begge stor interesse for luftfart og tok begge flytimar. I lag kjøpte dei eit de Havilland Dove-fly. Gilmour arbeidde med andre artistar, mellom anna i lag med Bryan FerryLive Aid i 1985, og var medprodusent på Dream Academy sitt sjølvoppkalla debutalbum.[9]

I desember 1985 annonserte Waters at han hadde slutta i Pink Floyd, som han meinte var «kunstnarisk ferdige».[10][11] Etter den mislukka About Face-turneen, håpa Gilmour å kunne halde fram med Pink Floyd-namnet. Trugselen om eit søksmål frå Gilmour, Mason og CBS Records var meint å overtyde Waters om å skrive og produsere eit nytt Pink Floyd-album med bandkollegaene, som nesten ikkje hadde delteke på skapinga av The Final Cut. Gilmour var særskild kritisk til albumet og kalla det «billig fyllmateriale» og «slyngande søppel».[12]

Waters sa: «Dei truga meg med at me hadde kontrakt med CBS Records og at delar av kontrakten kunne tolkast slik at me var forplikta til eit produkt for CBS og om me ikkje produserte dette produktet, så kunne dei a) saksøke oss og b) halde attende royalties om me ikkje lagde fleire plater. Så dei sa 'det er dette plateselskapet kjem til å gjere og resten av bandet kjem til å saksøke deg for alle dei rettslege utgiftene og tap av inntekter fordi det var du som hindra bandet frå å lage fleire plater.' Dei tvang meg til å slutte i bandet fordi om eg ikkje hadde gjort det, så ville dei økonomiske følgjene ha viska meg heilt bort.»[13]

I følgje Gilmour: «Eg sa til Waters før han for at 'om du fer, så held me fram. Ver ikkje i tvil, me kjem til å halde fram', og Roger svara: 'Det kjem dykk faen meg aldri til å gjere.'»[14] Waters hadde skrive til EMI og Columbia og sagt at han hadde planar om å forlate gruppa og bad dei frigje han frå kontraktsforpliktinga. Han sa òg opp samarbeidet med Pink Floyd-manageren Steve O'Rourke og tilsette Peter Rudge.[7] Dermed var Gilmour og Mason, i sitt syn, frie til å halde fram som Pink Floyd.[15]

Med Waters borte, byrja Gilmour å rekruttere musikarar for eit nytt prosjekt. Fleire månader tidlegare hadde klaverspelaren Jon Carin jamma med Gilmour i Hookend studio, der han komponerte akkordprogresjonen som vart «Learning to Fly», og vart så invitert med på prosjektet.[16] Gilmour inviterte Bob Ezrin (med-produsent på The Wall i 1979) til å forsterke materiale.[17] Ezrin hadde avvist tilbodet til Waters om ei rolle på det nye soloalbumet hans, Radio K.A.O.S., og sa «det var mykje enklare for Dave og eg å gjere vår versjon av ei Floyd-plate».[18] Ezrin kom til England i midten av 1986 for det Gilmour seinare skildra som «mykje surring med mange demoar».[19]

På dette stadiet var det ikkje gjeve at det kom til å bli eit nytt Pink Floyd-album og Gilmour vurderte å gje det ut som hans tredje soloalbum. CBS-representanten Stephen Ralbovsky håpa på eit nytt Pink Floyd-album, men i eit møte i november 1986 sa han til Gilmour og Ezrin at musikken «høyrdest faen meg ikkje ut som Pink Floyd i det heile tatt».[20] Gilmour sa seinare at det nye prosjektet var vanskeleg utan Waters.[21] Han eksperimenterte med låtskrivarar som Eric Stewart og Roger McGough, men enda til slutt opp med Anthony Moore,[22] som var medlåtskrivar på «Learning to Fly» og «On the Turning Away». Medan mange tidlegare Pink Floyd-album hadde vore konseptalbum, valte Gilmour ein meir konvensjonell metode for songane han hadde, utan å knytte dei saman tematisk.[23] Mot slutten av året valte han å gjere materialet til eit Pink Floyd-prosjekt.[24]

InnspelingEndra

A Momentary Lapse of Reason vart spelt inn i fleire studio, hovudsakleg husbåtstudioet til Gilmour, Astoria, som låg fortøydd i Themsen. I følgje Ezrin var det «berre heilt magisk å arbeide der, så inspirerande. Barn som rodde ned elva, gjess som flydde forbi ...».[19] Andy Jackson vart henta inn som lydteknikar. I innspelingane mellom november 1986 og februar 1987[25] arbeidde bandet til Gilmour på nye songar, som i motsetnad til tidlegare Pink Floyd-album vart spelte inn med ein 24-spors analog maskin og overdubba til ein 32-spors digital Mitsubishi-opptakar. Andre nye teknologiar som vart nytta var MIDI-synkronisering ved hjelp av ein Apple Macintosh-maskin.[20][26]

Etter å ha blitt samde om å omarbeidde materialet som Ralbovsky hadde protestert mot, tilsette Gilmour studiomusikarar som Carmine Appice og Jim Keltner. Begge var trommeslagarar og erstatta Mason på fleire songar. Mason var uroa over at det var for lenge sidan han hadde spelt skikkeleg på trommer og fokuserte i staden på lydeffektar.[20][27] Somme trommer vart òg framførte av trommemaskinar.[28] Under innspelinga vart Gilmour spurt av kona til den tidlegare Pink Floyd-klaverspelaren Richard Wright, om han kunne få bidra. Som grunnleggjande medlem måtte Wright slutte i bandet i 1979 og det var rettslege hinder for tilbakekomsten hans, men etter eit møte i Hampstead vart han rekruttert som betalt musikar for ei vekesløn på 11 000 dollar.[29][30] Gilmour sa i eit intervju med forfattaren Karl Dallas at med Wright på laget «ville det gjere oss sterkare både rettsleg og musikalsk». Men bidraga hans var minimale. Det meste av klaverinstrumenta var alt spelte inn, så frå februar 1987 spelte Wright noko Hammondorgel og Rhodespiano og la til vokalharmoniar. Han spelte òg ein solo på «On the Turning Away», som vart valt bort. Wright sa: «det var ikkje fordi dei ikkje lite det ... dei meinte det berre ikkje passa inn.»[31] Gilmour sa seinare: «Både Nick og Rick var katatone når det kom til å spele i byrjinga. Ingen av dei spelte eigentleg på denne plata. I mitt syn var dei blitt øydelagde av Roger.» Denne kommentaren gjorde Mason sint og sa: «Eg nektar for at eg var kataton. Eg hadde venta å høyre noko slikt frå motstandarane, det er mindre attraktivt å høyre det frå ein av sine allierte. Seinare kom han med ei slags unnskyldning.» Mason innrømde at Gilmour var nervøs over korleis albumet kom til å bli oppfatta.[29]

«Learning to Fly» og tekstlinjene «circling sky, tongue-tied and twisted, just an earthbound misfit, I», var inspirert av flygetimane som Gilmour tok, og som stundom kom i konflikt med studioarbeidet hans.[32] Sporet inneheld òg ei innspeling av stemma til Mason under letting.[33] Bandet eksperimenterte med lydsampling og Ezrin spelte inn lyden av båtutleigaren til Gilmour (Langley Iddens) som rodde langs Themsen.[19]

«The Dogs of War» er ein song om «fysiske og politiske leigesoldatar», i følgje Gilmour. Denne kom til gjennom eit uhell i studio då ein samplingsmaskin byrja å spele eit lydklipp av ein latter, som Gilmour meinte høyrdest ut som bjeffing.[34] «Terminal Frost» var ein av dei eldre demoane til Gilmour, som han tenkte å skrive tekst til, men som han let vere som instrumental.[35] Teksten til «Sorrow» vart derimot skriven før musikken. Opningsgitaren på denne songen vart spelt inn i Los Angeles Memorial Sports Arena. Eit 24-spors mobilt studio køyrde gitarsporet til Gilmour gjennom høgtalaranlegget på stadionet, og resultatet vart så innspelt i kringlyd.[36]

RettsstridEndra

Innspelingane vart avbrotne av den eskalerande usemja mellom Waters og Pink Floyd over kven som hadde rettane til namnet Pink Floyd. O'Rourke meinte at kontrakten hans med Waters var blitt avbroten ulovleg, og saksøkte Waters for 25 000 britiske pund.[19] Under eit styremøte seint i 1986 for Pink Floyd Music Ltd (Pink Floyd sin klareringssentral for alle pengetransaksjonar sidan 1973), fekk Waters vite at det var blitt opna ein bankkonto som berre skulle handsame pengemidlar knytte til «det nye Pink Floyd-prosjektet».[37] Han søkte umiddelbart til høgsteretten for å hindre at Pink Floyd-namnet kunne brukast igjen,[7] men advokatane hans oppdaga at partnerskapen aldri formelt var blitt stadfesta. Waters kom attende til høgsteretten i eit forsøk på å liggje ned veto mot å bruke bandnamnet igjen. Teamet til Gilmour svara med å gje ut ei pressemelding som stadfesta at Pink Floyd kom til å halde fram. Gilmour fortalte ein journalist i Sunday Times: «Roger er ein hund i krubba og eg kjem til å kjempe i mot han. Ingen andre har hevda at Pink Floyd berre var seg sjølv. Ein kvar som gjer det er ekstremt arrogant.»[29][38]

Waters vitja Astoria to gonger, og i lag med kona si hadde han eit møte i august 1986 med Ezrin. Ezrin indikerte seinare at han vart «sjekka ut». Sidan Waters framleis var aksjeeigar og direktør i Pink Floyd Music, kunne han blokkere alle avgjersler som dei tidlegare bandkollegaene tok. Innspelinga vart flytta til Mayfair Studios i februar 1987 og frå februar til mars - etter ein avtale med Ezrin om å spele inn nærmare heimen hans - til A&M Studios i Los Angeles: «Det var fantastisk fordi ... advokatane kunne ikkje ringe midt i innspelinga med mindre dei ringde midt på natta.»[25][39] Bitterheita og krangelen mellom Waters og Pink Floyd vart dekt i november 1987 i Rolling Stone, og det vart bestseljande utgåva deira det året.[29] Rettstvisten vart løyst i eit forlik mot slutten av 1987.[40][41]

Plateomslag og tittelEndra

Det vart gjort nøye vurderingar over tittelen på albumet og dei tre første forslaga var Signs of Life, Of Promises Broken og Delusions of Maturity. Den siste tittelen var ein linje i refrenget på «One Slip».

For første gongen sidan Animals i 1977, vart designeren Storm Thorgerson tilsett til å arbeide med eit plateomslag for eit studioalbum av Pink Floyd. Det endelege designet hans var ei lang elv av sjukehussenger på ei strand, inspirert av ei linje frå «Yet Another Movie» etter Gilmour sitt vage hint om eit design som omfatta ei seng i middelhavshus og «spor av forhold som har forsvunne og berre etterlate ekko».[42] På omslaget kan ein sjå hundrevis av sjukehussenger på stranda Saunton Sands i Devon (der somme scenar for Pink Floyd – The Wall var blitt filma).[43][44] Sengene vart sette opp av kollegaen til Thorgerson, Colin Elgie.[45] Ein kan sjå ein hangglider på himmelen, som ein referanse til «Learning to Fly». Fotografen Robert Dowling vann ein gullpris hos Association of Photographers for biletet, som det tok kring to veker å skape.[46] For å slå heilt gjennom meldinga om at Waters hadde slutta i bandet, var det på innsida av omslaget eit gruppebilete, av berre Mason og Gilmour - teken av David Bailey. Dette var første gongen sidan Meddle i 1971 at bandet var avbilda i omslaget til eit Pink Floyd-album. Richard Wright var på denne tida berre oppført i musikarlista,[47][48] sjølv om han òg var med på bilete i seinare nyutgjevingar.[49]

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [50]
The Daily Telegraph     [51]
Encyclopedia of Popular Music     [52]
MusicHound2/5[53]
Robert ChristgauC[54]
The Rolling Stone Album Guide     [55]

A Momentary Lapse of Reason kom ut 7. september 1987. Det gjekk rett inn på tredjeplassen på albumlistene i USA og Storbritannia, og vart halde unna førsteplassen av Michael Jackson sitt Bad og Whitesnake sitt sjølvoppkalla album.[47]

Gilmour presenterte A Momentary Lapse som ei tilbakevending til ein eldre Pink Floyd-stil, og sa at han meinte at under Waters var teksten blitt viktigare enn musikken i Pink Floyd. Han sa at albuma The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here «ikkje berre var suksessrike på grunn av bidraga til Roger, men fordi det var ein betre balanse mellom musikken og teksten».[56] Waters sa om albumet: «Eg syns det er særs overflatisk, men ei ganske smart etterlikning ... Songane er generelt dårlege og eg kan ikkje heilt tru tekstane. Tekstane til Gilmour er særs tredjerangs.»[57] Wright sa seinare at kritikken til Waters var «ærleg».[47]

I Q skreiv Phil Sutcliffe at «det høyrest ut som eit Pink Floyd-album» og drog fram dei to delane av «A New Machine» som «eit grøssande vakkert vokaleksperiment» og «glimrande påkome». Han konkluderte: «A Momentary Lapse er Gilmour sitt album i like stor grad som dei siste fire var dominerte av Waters … Det var tydelegvis ikkje berre forretningssans og undertrykt ego, men undertrykt talent som dreiv gitaristen til å insistere å halde fram under bandnamnet.»[58] Sounds anerkjende at musikken no stod meir i fokus og sa at albumet var «attende over muren der diamantane er galne, månar har mørke sider og mødrene atomhjarter».[59]

Greg Quill i Toronto Star skreiv derimot: «Det er noko som manglar her. Det er, under all si tyngd, ikkje eit album som utfordrar og provoserer slik Pink Floyd burde. A Momentary Lapse of Reason er, årsak for å seie det, ordinært, føreseieleg.»[60] Village Voice-kritikaren Robert Christgau skreiv: «Du vil knapt merke at konseptmeisteren til gruppa er borte - bortsett frå at dei set fram langt færre idear.»[54] I 2016 skreiv AllMusic-kritikaren William Ruhlmann at det var «eit soloalbum av Gilmour i alt anna enn namnet».[50]

A Momentary Lapse of Reason selde til sølv- og gullplate i Storbritannia 1. oktober 1987 og gull- og platinaplate i USA den 9. november. Det gjekk til dobbel platina den 18. januar året etter, tredobbel platina den 10. mars 1992 og 4x platina den 16. august 2001[61] og selde langt betre enn The Final Cut.[62]

NyutgjevingarEndra

Albumet kom ut i ei avgrensa vinylutgåve i 1988 med plakatar og bilettgaranti for komande konsertane i Storbritannia. Albumet vart digitalt ommastra og gjeve ut på ny i 1994 i Storbritannia, og ei tiårsjubileumsutgåve kom ut i USA tre år seinare.[63]. I 2011 vart A Momentary Lapse igjen ommastra og gjeve ut i plateboksen Discovery. Denne gongen var namnet til Wright oppført som ein del av bandet bandbilete av Gilmour og Mason var erstatta av kunst frå StormStudios.

TurnéEndra

Avgjersla om å turnere med albumet vart gjort før det var fullført. Dei første øvingane var kaotiske. Mason og Wright var fullstendig utrente og då Gilmour forstod at han hadde teke på seg ei for stor oppgåve, spurte Gilmour Bob Ezrin om å ta føringa. Det heile vart forverra av at Waters kontakta fleire spelestader i USA og truga dei med søksmål om dei brukte Pink Floyd-namnet. Gilmour og Mason betalte for oppstartskostnadane (Mason, som var separert frå kona si, brukte sin Ferrari 250 GTO som tryggleik). Somme promotorar brydde seg ikkje om trugslane til Waters og fleire månader seinare gjekk 60 000 billettar ut for sal i Toronto, og dei vart rivne bort på få timar.[42][44]

Med ei ny besetning (med Wright) turnerte dei Nord-Amerika, samstundes med Waters sin Radio K.A.O.S.-turné. Bassisten hadde gjeve forbod mot at nokre medlemmar av Pink Floyd skulle få sjå nokre av konsertane hans[64], som generelt vart haldne på mindre spelestader enn Pink Floyd spelte på. Waters stemna òg bandet for opphavsrett på den flygande grisen, og Pink Floys svarte med å setje på store mannlege genitalia på ballongen for å skilje han frå designet til Waters. Innan november 1987 hadde Waters gjeve opp og dei kom fram til eit forlik den 23. desember i eit møte på Astoria.[23] Mason og Gilmour fekk lov å bruke Pink Floyd-namnet så lenge dei ønskte, og Water skulle mellom anna få rettane til The Wall. Waters hevda at dei aldri oppnådde den same suksessen dei hadde hatt med han i bandet.

 
Ein fotomontasje av scenen under Momentary Lapse-turneen

Momentary Lapse-turneen vart ein fenomenal suksess. På alle spelestadane i USA vart det sett nye rekordar for billettsal og det vart den mest suksessrike turneen i USA det året. Turneen heldt fram i Australia, Japan og Europa kort tid etter, før bandet vende attende til USA to gonger. Nesten alle spelestadane var utselde. 22. november 1988 kom det ut eit konsertalbum, Delicate Sound of Thunder, etterfølgd av ein konsertvideo i juni 1989. Nokre dagar seinare vart konsertalbumet spelt ombord på Soyuz TM-7 i bane kring jorda. Turneen vart avslutta med Silver Clef Award Winners Concert i Knebworth Park den 30. juni 1990, etter 200 konsertar og eit samla publikumstal på 4,25 millionar og reine billettinntekter på meir enn 60 millionar britiske pund.[65]

SongarEndra

Signs of LifeEndra

Sporet er eit instrumentalt stykke, sjølv om ein kan høyre stemma til Nick Mason som les to vers av eit ukjend dikt. Det første verset kan omhandle Syd Barrett og det andre om Roger Waters, mykje som songen «Poles Apart» frå The Division Bell. Filmen som vart spelt av under songen på konsertane deira syner Langley Iddens, som tok seg av David Gilmour sitt Astoria husbåt-studio, som ror gjennom Grantchester Meadows.

Det er det første instrumentale stykke til Pink Floyd (om ein ser bort i frå «The Last Few Bricks», som berre vart spelt under The Wall-konsertane) sidan «Any Colour You Like» frå The Dark Side of the Moon i 1973.

Learning to FlyEndra

For meir om dette emnet, sjå Learning to Fly av Pink Floyd.

The Dogs of WarEndra

Dette var den tredje amerikanske singelen frå albumet. Konsertutgåvene har ein lengre intro, ein lengre saksofonsolo i midten og ein gitar- og saksofonduell, og ein lengre avslutning enn albumversjonen. Songen vart ein liten radiohitt i USA og nådde 16. plass på MTV sin Video Countdown i mai 1988.

Songen skildrar politikarar som styrer krigar, og indikerer at den store inspirasjonskjelda bak krigar er pengar.

Videoen for songen vart regissert av Storm Thorgerson og syner schæferar med gule auge som spring gjennom ein krigssone, i tillegg til konsertopptak filma under dei tre konsertane til bandet i The Omni i Atlanta i november 1987 regissert av Lawrence Jordan. Videoar for «On the Turning Away» og «One Slip» vart òg filma under desse konsertane.

On the Turning AwayEndra

For meir om dette emnet, sjå On the Turning Away.

One SlipEndra

For meir om dette emnet, sjå One Slip.

Yet Another MovieEndra

Songen inneheld klipp frå filmen Casablanca.

Han vart spelt på kvar konsert frå 1987 til 1989 og finst òg på konsertalbumet Delicate Sound of Thunder. Lapsteel-gitaren mot slutten av studioversjonen vart på konsertane byta ut med ein normal gitarsolo i ein oktav lågare enn på albumversjonen. Songen glir rett over i «Round and Round», men på Delicate Sound of Thunder er desse fråskilde i forskjellige spor.

Round and RoundEndra

På albumversjonen er songen på same spor (nr. 6) som «Yet Another Movie», medan han på Delicate Sound of Thunder har fått eit eige spor. Songen er ein liten instrumental i 5/8-takt.

A New MachineEndra

Songen er delt inn i to delar og kjem på kvar side av instrumentalen «Terminal Frost». Songen består berre av Gilmour på vokal, sterkt forvrengt gjennom ein vocoder og ein stigande synthesizertone.

Terminal FrostEndra

Stykket er ein instrumental. Sidan Nick Mason hadde vore lenge borte frå trommene då dei spelte inn dette albumet, så vert det nytta trommemaskinar på dette sporet. Saksofonane er spelt av Tom Scott og John Helliwell, sistnemnde mest kjend som saksofonist for bandet Supertramp.

SorrowEndra

Songen er skriven av David Gilmour. Gilmour har alltid sagt at tekstskrivinga aldri har vore den sterkaste sida hans, men denne songen har ein av dei beste tekstane hans, sjølv opningsslinjene er henta frå John Steinbeck sitt «The Grapes of Wrath».[66]

I følgje trommeslagar Nick Mason vart neste heile songen gjort ferdig av Gilmour i husbåten hans, Astoria, i løpet av ei veke. Gitarintroduksjonen vart spelt inn på ein sportsarena i Los Angeles og køyrt gjennom det massive lydsystemet til Pink Floyd for få ein ekstremt djup lyd som i ei fjellhole. Det vart nytta trommemaskin på sporet og ingen verkelege trommer.

Konsertvertsjonar av songen er gjevne ut på både Delicate Sound of Thunder i 1988 og P*U*L*S*E i 1995, begge kring 10 minuttar lange. Ein noko kortare utgåve av songen finst på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd, der songen «Sheep» glir rett inn i han.

InnhaldEndra

All solovokal av David Gilmour utanom der anna er nemnt.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Signs of Life» (Instrumental, med talt vokal av Nick Mason)Gilmour, Ezrin 4:24
2. «Learning to Fly»  Gilmour, Moore, Ezrin, Carin 4:53
3. «The Dogs of War»  Gilmour, Moore 6:05
4. «One Slip»  Gilmour, Manzanera 5:10
5. «On the Turning Away»  Gilmour, Moore 5:42
26:14
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Yet Another Movie»  Gilmour, Leonard 6:28
2. «Round and Around» (instrumental)Gilmour 1:02
3. «A New Machine (Part 1)»  Gilmour 1:46
4. «Terminal Frost» (instrumental)Gilmour 6:17
5. «A New Machine (Part 2)»  Gilmour 0:38
6. «Sorrow»  Gilmour 8:46
24:55

Merknad

  • Sidan ommastringane i 2011 og Discovery-boksen har «Yet Another Movie» og «Round and Around» vore indekserrte som individuelle spor.

MedverkandeEndra

Spora referer til CD- og digiale utgåver av albumet.

Pink Floyd

Produksjon

Andre medverkande

Salslister og salstroféEndra

SalslisterEndra

Album
Liste (1987) Plassering
Australia (Kent Music Report)[67] 2
Austerrikske album (Ö3 Austria)[68] 3
Canada Top Albums/CDs (RPM)[69] 5
Nederlandske album (MegaCharts)[70] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[71] 2
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[72] 1
Norske album (VG-lista)[73] 2
Spanske album (AFYVE)[74] 12
Svenske album (Sverigetopplistan)[75] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[76] 2
Britiske album (OCC)[77] 3
US Billboard 200[78] 3
Liste (2017) Plassering
Ungarske album (MAHASZ)[79] 24
Polske album (ZPAV)[80] 29

Singlar

År Singel Liste Plassering
1987 «Learning to Fly» US Billboard Hot 100 70[63]
1988 «One Slip» UK Singles Chart 50[63]

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[81] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[82] 3× Platina 300 000^
Tyskland (BVMI)[83] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[84] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[85] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[86] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[87] Gull 100 000^
USA (RIAA)[88] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. https://www.discogs.com/Pink-Floyd-A-Momentary-Lapse-Of-Reason/release/1201772
  2. Watkinson & Anderson 2001, p. 133
  3. Mabbett 1995, p. 89
  4. Blake 2008, pp. 302–309
  5. Schaffner 1991, pp. 249–250
  6. Schaffner 1991, pp. 256–257
  7. 7,0 7,1 7,2 Blake 2008, pp. 311–313
  8. Schaffner 1991, p. 257
  9. Schaffner 1991, pp. 258–260
  10. Schaffner 1991, pp. 262–263
  11. Jones, Peter (22. november 1986), It's the Final Cut: Pink Floyd to Split Officially, Billboard, s. 70, henta 10. juli 2019 
  12. Schaffner 1991, pp. 261–262
  13. Povey 2007, p. 240
  14. Schaffner 1991, p. 245
  15. Schaffner 1991, p. 263
  16. Blake 2008, p. 316
  17. Blake 2008, pp. 315, 317
  18. Schaffner 1991, pp. 267–268
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Blake 2008, p. 318
  20. 20,0 20,1 20,2 Schaffner 1991, pp. 268–269
  21. Blake 2008, p. 320
  22. Mason 2005, pp. 284–285
  23. 23,0 23,1 Povey 2007, p. 241
  24. In the Studio with Redbeard, A Momentary Lapse of Reason (Radio broadcast), Barbarosa Ltd. Productions, 2007 
  25. 25,0 25,1 Povey 2007, p. 246
  26. Mason 2005, pp. 284–286
  27. Mason 2005, p. 287
  28. Blake 2008, p. 319
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 Manning 2006, p. 134
  30. Blake 2008, pp. 316–317
  31. Schaffner 1991, p. 269
  32. Schaffner 1991, p. 267
  33. MacDonald 1997, p. 229
  34. MacDonald 1997, p. 204
  35. MacDonald 1997, p. 272
  36. MacDonald 1997, p. 268
  37. Schaffner 1991, p. 270
  38. Schaffner 1991, p. 271
  39. Blake 2008, p. 321
  40. Danton, Eric R. (19. september 2013). «Roger Waters Regrets Pink Floyd Legal Battle». Rolling Stone. Henta 15. juli 2019. 
  41. «Roger Waters: 'I was wrong to sue Pink Floyd'». BBC News. 19. september 2013. Henta 15. juli 2019. 
  42. 42,0 42,1 Blake 2008, p. 322
  43. Mason 2005, p. 290
  44. 44,0 44,1 Povey 2007, p. 243
  45. Schaffner 1991, p. 273
  46. Blake 2008, p. 323
  47. 47,0 47,1 47,2 Blake 2008, pp. 326–327
  48. Povey 2007, p. 349
  49. Pink Floyd - A Momentary Lapse Of Reason Images.
  50. 50,0 50,1 Ruhlmann, William. «Pink Floyd A Momentary Lapse of Reason». AllMusic. Henta 15. juli 2019. 
  51. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 15. juli 2019. 
  52. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. Henta 13. juni 2019. 
  53. Graff & Durchholz 1999, s. 874
  54. 54,0 54,1 Christgau, Robert. «CG: Pink Floyd». robertchristgau.com. Henta 15. juli 2019. 
  55. «Pink Floyd: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 15. juli 2019. 
  56. Schaffner 1991, p. 274
  57. Blake 2008, p. 328
  58. Sutcliffe, Phil (October 1987), «Pink Floyd: A Momentary Lapse of Reason», Q ; available at Rock's Backpages (subscription required)
  59. Manning 2006, p. 136
  60. Quill, Greg (11. september 1987), Has Pink Floyd changed its color to puce? (Registration required), Toronto Star, hosted at infoweb.newsbank.com, henta 15. juli 2019 
  61. Povey 2007, pp. 349–350
  62. Povey 2007, p. 230
  63. 63,0 63,1 63,2 Povey 2007, p. 350
  64. Mason 2005, p. 300
  65. Povey 2007, pp. 243–244, 256–257
  66. Pink Floyd and Company - David Gilmour Interview
  67. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  68. "Pink Floyd - A Momentary Lapse of Reason" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  69. "Top RPM Albums: Nummer 0886". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. juli 2019.
  70. "Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  71. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2019.
  72. "Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  73. "Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  74. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  75. "Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  76. "Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  77. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  78. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  79. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 3. februar 2017.
  80. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 2. februar 2017.
  81. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 9. juli 2019.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter A Momentary Lapse of Reason in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  82. «Canadian album salstrofé – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason». Music Canada. Henta 9. juli 2019. 
  83. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'A Momentary Lapse of Reason')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 9. juli 2019. 
  84. «Dutch album salstrofé – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 13. september 2018. 
  85. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 7. april 2018. 
  86. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Pink Floyd; 'A Momentary Lapse of Reason')». Hung Medien. Henta 9. juli 2019. 
  87. «British album salstrofé – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason». British Phonographic Industry. Henta 9. juli 2019.  Enter A Momentary Lapse of Reason in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  88. «American album salstrofé – Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason». Recording Industry Association of America. Henta 9. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: A Momentary Lapse of Reason