Opna hovudmenyen

John Henry Newman (21. februar 180111. august 1890) var ein engelsk teolog, kardinal og salmediktar.

John Henry Newman
John Henry Newman by Sir John Everett Millais, 1st Bt.jpg
Fødd 21. februar 1801
London
Død

11. august 1890
Edgbaston

Yrke teolog, lyrikar, anglikansk prest, katolsk prest, romanforfattar, universitetslærar, salmediktar, filosof
John Henry Newman på Commons

Newman var ein av leiarane i Oxfordrørsla, men konverterte til katolisismen i 1845. Som teolog la han stor vekt på den historiske utviklinga av kristentrua og det vekte mishag hos kyrkjeleiinga.

Dei samla skriftene til Newman omfattar 40 bind, og 21 000 brev etter han er bevart. Han er mest kjend for den sjølvbiografiske Apologia pro vita sua (1864).

22. januar 1991 utnemnde pave Johannes Paul II Newman til venerabilis («vørdnadsverd») som er det andre steget i kanoniseringsprosessen. Pave Benedikt XVI saligkåra han 19. september 2010.

Salmen «Leid, milde ljos»[1] er omsett frå «Lead, Kindly Light, amid the encircling gloom», som Newman skreiv i 1833.

Newman var bror til Francis William Newman.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Leid, milde ljos» ved aasentunet.no

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av John Henry Newman ved Wikisource.