Edgbaston
Edgbaston (uttalt /ˈɛdʒbəstən/) er eit velståande forstadsaktig område i sentrale Birmingham i England. Det låg historisk i Warwickshire, og bukta seg rundt bysentrum i sørvest.[1]
Edgbaston | |||
bydel | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Edgbaston 52°27′29″N 1°55′09″W / 52.45805°N 1.9190472222222°W | |||
Wikimedia Commons: Edgbaston |
På 1800-talet var området under kontroll av Gough-Calthorpe-familien og Gillott-familien, som nekta å tillata bygging av fabrikkar eller varehus her. Dette gjorde området attraktivt for dei rikare innbyggarane i byen. Staden blei kjend som «der trea tek til». Eit av dei private husa frå denne tida er verna i klasse 1, og er ope for publikum.[2]
Namn
endreEdgbaston tyder 'landsbyen til Ecgbald", frå eit gammalengelsk mannsnamn og tun, 'gard'. Mannsnamet Ecgbald tyder 'modig sverd' (bokstaveleg 'modig egg'). Namnet blei skrive ned som Celboldistane i hundredet Coleshill i Domesday Book frå 1086[3] fram til minst 1139, noko som gjev inntrykk av at gammalengelsk stān, 'stein' dannar sisteleddet.
Folkesetnad
endreI 1801 hadde Edgbaston rundt 1000 innbyggjarar. I 1841 hadde folketalet auka til 16 500 etter at rike fabrikkeigarar hadde flytta til området. I 1850 var det bygd 29 vegar her, og veksten fortsette.[4]
Folketeljinga i 2001 fann at 20 749 menneske budde i Edgbaston ward i Birmingham City Council, i 8 666 hushald. Dette gav eit gjennomsnitt på 2,4 personar per hushald, litt under bygjennomsnittet på 2,5. Ward-området, som dekkjer 871, 6 ha, hadde ein folketettleik på 23,8 personar per hektar.[5]
Edgbaston hadde litt over gjennomsnittet av etniske minoritetar for området, der desse utgjer 31,8 % av innbyggjarane samanlikna med 29,6 % for Birmingham. Den største etniske minoritetsgruppa var British Asian med 16,1%. 25,6 % av innbyggjarane var fødde utanfor Storbritannia, over gjennomsnittet i Birmingham på 16,5 %. Kristendommen var den viktigaste religionen, med 52,5 % som oppgav av dei var kristne, samanlikna med 59,1 % for Birmingham. 8,0 % oppgav at dei var muslimar, under Birmingham-talet på 14,3 %. Edgbaston husa ei større ortodoks jødisk gruppering. 19,1 % av innbyggjarane oppgav at dei ikkje hadde nokon religion.[5]
Valkrinsen Edgbaston
endreValkrinsen Edgbaston Parliamentary Constituency har eit mykje høgare folketal enn Edgbaston ward.
Sidan 1953 har han berre vald inn kvinnelege parlamentsmedlem, både frå det konservative partiet og frå arbeidarpartiet. Tidlegare parlamentsmedlem for Edgbaston var statsminister Neville Chamberlain, som var fødd i Edgbaston.
Sport
endreWarwickshire County Cricket Club har base ved Edgbaston Cricket Ground. Klubben husar jamleg kampar på county-nivå, og har husa landskampar der England speler.
Området har også ein tennisbane i verdsklasse, Edgbaston Priory Club. DFS Classic for kvinnelege spelaear har blitt halden her kvart år sidan 1982. Turneringa er del av WTA Tour, og sigrar her tel mot verdsrankinga. Den eldste tennisklubben i verda, Edgbaston Archery and Lawn Tennis Society som blei grunnlagd i 1860, er i nærleiken.[6]
Det finst også ein golfbane for medlemmar med utsyn over sørdelen av staden. Edgbaston Croquet Club har halde til i området sidan 1915.[7]
Stader av interesse
endreDen engelske kyrkja har soknekyrkjene St Augustine's Church, St Germain's Church, St. George's Church og St. Bartholomew's Church, sistnemnde er også kjend som Edgbaston Old Church.[8] Birmingham Central Synagogue bygd i 1961 ligg også i Edgbaston. Den katolske kyrkja Birmingham Oratory, på Hagley Road, blei bygd i 1907 i barokk stil til minne om John Henry Newman, som grunnla English Oratory her. Kuppelen på kyrkja er eit landemerke.
Forfattaren og akademikaren J.R.R. Tolkien budde i Edgbaston då han var tenåring, og dei to tårna i Edgbaston, Perrott's Folly og Waterworks Tower, skal ha inspirert The Two Towers, ein del av The Lord of the Rings. Barber Institute of Fine Arts, som er del av University of Birmingham, er eit formålsbygt galleri som husar ei breitt utval kunstverk frå gamle meistrar til Picasso.
Edgbaston Reservoir, tidlegare kalla Rotton Park Reservoir, er ei vasskjelde for Birmingham Canal Navigations og er ein viktig fritidsstad i området. Det ligg tre offentlege hagar i Edgbaston: Birmingham Botanical Gardens og University of Birmingham sine Winterbourne Botanic Garden og Martineau Gardens. Ved sida av universitetshagane ligg Edgbaston Pool, som er ein Site of Special Scientific Interest. Deer's Leap Wood er ein Site of Local Importance for Nature Conservation som ligg på den tidlegare bryggeristaden Mitchells & Butlers i norddelen av Edgbaston. Området huser den einaste bustaden i Birmingham som er verna som Grade I, eit Arts & Crafts-hus ved i Yateley Road som blei utforma og budd i av Herbert Tudor Buckland.[2] Edgbaston Hall, eit herskapshus verna som Grade II, ligg også i Edgbaston ward. Det er klubbhuset til Edgbaston Golf Club.
Utdanning
endreSidan byringa av 1900-talet har Edgbaston husa Edgbaston High School for Girls, St Paul's School for Girls, St George's School, King Edward's School, King Edward VI Five Ways School, King Edward VI High School for Girls og Priory School, i tillegg til hovudcampusen til University of Birmingham. Det finst fleire studenbustader i området. Ved senteret av universitetet står Joseph Chamberlain Memorial Clock Tower, ein av dei høgaste bygningane i Birmingham.
Edgbaston husar også Queen's College, eit økumenisk teologisk seminar. Elmhurst School for Dance, den eldste profesjonretta danseskulen i Storbritannia, flytta inn i ein ny bygning i Edgbaston i 2004.
Kjelder
endre- ↑ Tom Dyckhoff. «Let's move to Edgbaston, Birmingham». The Guardian. Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 9. juli 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «21 Yateley Road». www.historichouses.org/house/21-yateley-road/tours/.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 21 October 2016. Henta 26. juli 2015. Open Domesday Map: Edgbaston
- ↑ Davidoff, Leonore; Catherine Hall (2002). Family Fortunes: Men and Women of the English Middle Class, 1780–1850. Routledge. s. 369. ISBN 0-415-21064-X.
- ↑ 5,0 5,1 «2001 Population Census in Birmingham: Ward Profiles». Birmingham City Council. 2001. Arkivert frå originalen 12 March 2008. Henta 28. mars 2008.
- ↑ «The Archery - Edgbaston Archery and Lawn Tennis Society, Edgbaston, Birmingham». www.ealts.net. Arkivert frå originalen 11 September 2017. Henta 30 April 2018.
- ↑ «Edgbaston Croquet Club». Edgbaston Croquet Club. Arkivert frå originalen 17. mai 2008. Henta 28. mars 2008.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 8 July 2009. Henta 27. juni 2009. St. Bartholomew's Church, Edgbaston: History
- Denne artikkelen bygger på «Edgbaston» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Canon Doctor Terry Slater, 2002, Edgbaston Past, Phillimore, Chichester