John McLeod
John McLeod CBE (8. mars 1934–24. mars 2022) var ein skotsk komponist som skreiv musikk i mange medium, inkludert for film og fjernsyn.
John McLeod | |||
Fødd | 8. mars 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aberdeen | ||
Død | 24. mars 2022 (88 år) | ||
Dødsstad | Edinburgh | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Verka som | komponist | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden |
Biografi
endreMcLeod var fødd i Aberdeen, men slo seg seinare ned i Edinburgh. Han studerte fyrst klarinett ved Royal Academy of Music med Jack Brymer, Reginald Kell og Gervase de Peyer, men gjekk deretter over til komposisjon med sir Lennox Berkeley.
McLeod var Associate Composer for Scottish Chamber Orchestra frå 1980 til 1982, og orkesteret tinga verket Out of the Silence frå han, som blei urframført i 2015. Verka hans har òg blitt framførte av Philharmonia Orchestra, Halle Orchestra og Royal Scottish National Orchestra. BBC Scottish Symphony Orchestra har kringkasta 12 av dei større orkesterverka hans, inkludert urframføringa av The Sun Dances (2000) i London under BBC Proms 2014.[1] National Youth Orchestra of Scotland har regelmessig framført verka hans i over 20 konsertar, mellom anna Piano Concerto (1988) i 2015, då det blei dirigert av komponisten med James Willshire som solist i Glasgow og Dundee.[2]
Clarinet Concerto (2005) av McLeod blei urframført i Queen's Hall i Edinburgh den 13. mai 2007 av Meadows Chamber Orchestra med Jean Johnson som solist.[3]
Andre av orkesterverka hans er Percussion Concerto (1987), som blei skrive for, framført og spelt inn av Evelyn Glennie,[4] Symphonies of Stone and Water (2000, for piano og lite orkester, skriven for og premiert av den indonesiske pianisten og komponisten Ananda Sukarlan), Guitar Concerto (2009) og Viola Concerto (2018, skriven for fyrstebratsjisten i Scottish Chamber Orchestra, Jane Atkins). McLeod komponerte òg kormusikk (inkludert ein Stabat Mater, 1985 og kantaten Chronicle of Saint Machar, 1998), kammermusikk (inkludert A Moment in Time for fiolin, klarinett, cello og piano i 2002), og mange songar og songsyklar.[5]
Ein dobbel-CD med den komplette pianomusikken hans blei spelt inn live frå fire konsertar ved Stoller Hall i Manchester i august 2017. Han inneheld fem pianosonatar (1978-2013), Four Impromptus (1960), Five Hebridean Dances (1981), Two Balinese Rituals (skrive for Ananda Sukarlan) og 12 Preludes (1984).[6]
I 2014 blei McLeod tildelt ein BASCA Gold Badge Award.[7] Dette var ei anerkjenning av det unike bidraget hans til musikk. Han blei utnemnd til kommandør av den britiske imperieordenen (CBE) i 2016 for tenester innan musikk.[8]
John McLeod døydde i Edinburgh den 24. mars 2022 då han var 88 år gammal, seks månader etter at kona hans Margaret (1936-2021) hadde døydd.[2][9]
Kjelder
endre- ↑ BBC Proms performance archive, 3 August, 2014
- ↑ 2,0 2,1 'Sadness: A fine Scots composer has died', Slipped Disc classical news site, retrieved 25 March 2022
- ↑ The List, Issue 575, 10 May, 2007
- ↑ Evelyn Glennie website
- ↑ John McLeod catalogue
- ↑ 'McLeod: Piano Music', Metier MSV77207, reviewed at MusicWeb International
- ↑ «Sir Bob Geldof to Be Honoured by Gold Badge Awards». Arkivert frå originalen 12 June 2018. Henta 10 November 2017.
- ↑ «No. 61608». The London Gazette (Supplement): B9. 11 June 2016.
- ↑ Margaret Murray McLeod: An Appreciation
- Denne artikkelen bygger på «John McLeod (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2024.