Aberdeen (Obar Dheathainskotsk gælisk) er ein by nordaust i Skottland. Byen utgjer kjernen i byområdet City of Aberdeen, og er hovudsete for den skotske regionen Aberdeenshire, sjølv om byen ikkje lenger ligg i regionen. Aberdeen er òg den viktigaste hamna i denne delen av Skottland, og den tredje største byen etter folketal.

Aberdeen

skotsk-gælisk
skotsk
Obar Dheathain
Aiberdeen
Kallenamn
«Granite City, Oil Capital of Europe, Silver City»
Plassering
Aberdeen is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region City of Aberdeen
Tradisjonelt grevskap Aberdeenshire
Geografi
Flatevidd
 - By

186 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

217 120
  1 167,3 /km²
Koordinatar 57°9′9″N 2°6′36″WKoordinatar: 57°9′9″N 2°6′36″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.aberdeencity.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Aberdeen

Byen ligg mellom munningen til to elvar, Dee og Don. Dette området reknar ein med har vore folkesett i minst 6000 år.[1]

Innbyggjarar endre

Byen hadde eit folketal på rundt 3000 i 1396. Ved folketeljinga i 1801 hadde dette vakse til 26 992, i 1841 var det 63 262, i 1891 121 623, i 1901 153 503, og i 2001 197 328.

 
Krossmonument på marknadsplassen i Aberdeen.

Industri endre

Mange store og varierte industriar har gjort byen til ein av dei rikaste i Skottland. I meir enn trehundre år grov ein ut granitt i Rubislaw-gruva og eksporterte til resten av verda. Denne gruvedrifta tok slutt i 1971.

Fiskerinæringa var òg svært viktig for byen, og blei stadig utbetra med ny teknologi fram til overfiske i Nordsjøen førte til at fangsten blei kraftig redusert.

Andre næringsvegar som var leiande fram til 1970-åra var tekstilindustri, med ull frå 1703, lin frå 1794 og bomull frå 1779. Desse sysselsette fleire tusen. Papirlaging tok til i 1694, og er ein av dei eldste industriane i byen.

I dag vert Aberdeen ofte kalla Europas oljehovudstad. Byen er senter for det meste av petroleumsverksemda på britisk kontinentalsokkel, og oljeindustrien utgjer ryggrada i den lokale økonomien. Ei rad norske føretak innan oljeindustrien er representert i Aberdeen.

Transport endre

Hamna i Aberdeen har stor trafikk av forsyningsskip, der fartøya går i skytteltrafikk til oljeplattformane i Nordsjøen. Flyplassen er senter for en vesentleg del av helikoptertrafikken til og frå britisk sektor, og er ein av dei største helikopterflyplassane i verda. Aberdeen har daglege flyavgangar til og frå Stavanger, Bergen og Oslo.

 
Frå hamna i Aberdeen.

Historikk endre

Aberdeen av i dag er ei samansmelting av to byar grunnlagd i mellomalderen, Old Aberdeen og New Aberdeen. Begge kan føra sin dokumenterte historie attende til 1100-talet. Sjølv om dei to mellomalderbyane ligg berre eit par kilometer frå kvarandre hadde dei båe sin eigen identitet fram til moderne tid. Dei vart ikkje slegne saman før i 1891. Gamle kjelder referer ofte til "The cities of Aberdeen" (merk fleirtal).

Old Aberdeen ligg like sør for utløpet av elva Don, og voks fram kring St. Machar domkyrkje. Byen var eit viktig kyrkjeleg senter fram til reformasjonen. I høve ei gamal overlevering vart den første kyrkja på denne staden bygd så tidleg som på 500-talet. Domkyrkja vart bispesete i 1131, og den noverande domkyrkja byrja ein å byggja på 1100-talet. I 1495 vart den første delen av det som seinare vart University of Aberdeen, King's College, grunnlagd av biskop Elphinstone.

New Aberdeen var ein viktig handelsstad frå 1100-talet. Kong Vilhelm I av Skottland hadde ein residens der, og gav byen sitt første charter i 1179. Tidlegare hadde David I gjeve nokre byrettar. New Aberdeen voks fram nord for utløpet av elva Dee, og elveosen utgjorde ei av de beste naturlege hamnene i denne delen av Skottland.

I 1336 vart byen brend ned av kong Edvard III av England, men vart snart bygd opp att. Byen hadde då ei tid namnet New Aberdeen. Byarkivet er eit av de eldste i Skottland, og går attende til 1398. Med unntak av eit kort tidsrom dekkjer arkivet heile byhistoria fram til i dag.

Under kong Robert Bruce fekk byen, som takk for si stønad under dei skotske sjølvstendekrigane, skogen Stocket av kongen. Dette området gav store inntekter, som framleis kjem innbyggjarane til gode gjennom offentlege tiltak.

New Aberdeen fekk sitt eige universitet i 1593, då Marischal College vart grunnlagd. Marischal College og King's College i Old Aberdeen var skilde universitet fram til 1800-talet, og vart slegne saman i 1870 til det som i dag er University of Aberdeen.

På grunn av åtak frå baronar i området hadde byen kraftige forsvarsverk, men innan 1770 var alle byportar fjerna. Under striden mellom rojalistar og covenanters vart byen plyndra av båe sider. I 1715 erklærte leiarane for byen at dei støtta James Francis Edward Stuart (The Old Pretender), og i 1745 budde hertugen av Cumberland ei tid i Aberdeen før han gjekk til åtak på Charles Edward Stuart (The Young Pretender).

Byvåpen og bymotto endre

Byvåpenet syner eit raudt skjold med tre festningsverk med tre tårn kvar. Kring er kongelege symbol. Frå gamal tid kviler byen på tre høgder, Castle Hill, the Port eller Windmill Hill (Gallowgate) og St Catherine's Hill (Adelphi). Våpenskjoldet er halde oppe av to leopardar. Ovanom skjoldet er det eit pergament med orda 'Bon Accord', som òg er bymottoet.

I ei segn frå tida kring dei skotske sjølvstendekrigane vert det fortald at 'Bon Accord' var stikkordet for åtak, då Castle of Aberdeen vart storma og dei engelske styrkane vart drepne på ei natt. Frå denne nedslaktinga er det at byvåpenet og bymottoet stammar.

Kultur endre

 
Maritime Museum i Shiprow[2]
 
Aberdeen Science Centre, Links Road Science Museum

Museum og galleri endre

Det finst ei rekkje museum og liknande stader å vitja i byen.[3] Aberdeen Art Gallery har ei samling impresjonistiske, viktorianske, skotske og britiske 1900-taletsmåleri i tillegg til samlingar av sølv- og glasgjenstandar.

Aberdeen Maritime Museum i Shiprow fortel om Aberdeen sine band til havet frå seglskutetida og klipperskip til nyare olje- og gassleiting. Det har ein 8,5 meter høg modell av Murchison oljeplattform og linsa frå Rattray Head fyr frå 1800-talet. Provost Ross' House er den nest eldste bygningen i byen, bygd i 1593. Det blei heimen til provost John Ross av Arnage i 1702. Huset har fleire opphavlege interiør, som kjøkkenet, peisar og tak med takbjelkar (beam-and-board).[4] Gordon Highlanders Museum fortel soga om det skotske regimentet Gordon Highlanders.[5]

Marischal Museum husar hovudsamlinga til University of Aberdeen, som omfattar rundt 80 000 gjenstandar knytte til kunst, skotsk historie og arkeologi og arkeologi frå elles i Europa, Middehlhavslanda og Det nære Austen. Museet blei stengt for allmugen i 2008,[6] og har sidan berre eksistert på nettet.[7] King's Museum tok over som hovudmuseet til universitetet.

Festivalar og utøvande kunst endre

Aberdeen huser fleire tilstellingar og festivalar, somAberdeen International Youth Festival (verdas største kulturfestival for unge utøvarar), Aberdeen Jazz Festival, Aberdeen Alternative Festival, Rootin' Aboot (for folke- og roots-musikk), Sound Festival for ny musikk, University of Aberdeen sin årlege May Fest (tidlege kalla Word) og DanceLive, den einaste festivalen i Skottland for samtidsdans.

Spectra er ein årleg lysfestival som blir halden ulike stader i byen.[8] NuArt er ein festival for gatekunst.[9]

Utdanning endre

Aberdeen har to universitet, University of Aberdeen og Robert Gordon University. University of Aberdeen er eit av Skottland sine eldste universitet, og vart grunnlagd i 1495.

Vennskapsbyar endre

Aberdeen er vennskapsby med zimbabwiske Bulawayo, franske Clermont-Ferrand, kviterussiske Gomel, tyske Regensburg, og norske Stavanger.

Kjelder endre

  1. «Welcome to Aberdeen». Aberdeen Accommodation Index. Arkivert frå originalen 31. deSember 2006. Henta 19. februar 2007. 
  2. «Aberdeen Maritime Museum». Aberdeen Art Galleries and Museums. Arkivert frå originalen 2. februar 2007. Henta 18. februar 2007. 
  3. «Aberdeen Culture». Aberdeen City Council. Arkivert frå originalen 28 March 2017. Henta 27 March 2017. 
  4. «Provost Ross' House». The Gazetteer for Scotland. Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 18. februar 2007. 
  5. «The Gordon Highlanders Museum». Army Museums Ogilby Trust. Arkivert frå originalen 26. september 2006. Henta 18. februar 2007. 
  6. «Marischal Museum. Visiting and Contacting the Museum. University of Aberdeen». Abdn.ac.uk. Arkivert frå originalen 13 November 2012. Henta 28 December 2012. 
  7. «Marischal Museum: Introduction». University of Aberdeen. Arkivert frå originalen 7. februar 2007. Henta 18. februar 2007. 
  8. «SPECTRA ABERDEEN». SPECTRA ABERDEEN (på engelsk). Henta 16 February 2022. 
  9. «Nuart Aberdeen - Bringing Street Art Into The Mainstream». VisitAberdeenshire (på engelsk). Henta 17 April 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aberdeen