John Nome (2. oktober 190423. desember 1980) var ein teolog og idehistorikar frå Øyslebø i Vest-Agder. Han var professor i religionsfilosofi og etikk ved Det teologiske menighetsfakultet 1951–72, også aktiv som kyrkje- og idéhistorikar. Nome var ein av dei mest særprega norske teologane idet 20. hundreåret.

John Nome
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1904
Død

23. desember 1980 (76 år)

Yrke filosof

Liv og gjerning endre

Nome tok eksamen artium i Mandal i 1926. Deretter studerte han ved Menighetsfakultetet i Oslo og vart cand.theol. i 1932. Sidan arbeidde han 1934-39 som stipendiat i systematisk teologi ved Universitetet i Oslo. Han sysla då med avhandlinga Den norske preken og oppbyggelseslitteratur fra tiden 1600–1730. Mot slutten av 1930-åra kom han ut med to bøker om den tyske sosiologen og filosofen Georg Simmel. Den fyrste, Filosofisk kultur. Georg Simmel som moderne tenker, gav han i 1938 den filosofiske doktorgraden.

Frå 1942 underviste Nome i systematisk teologi og kyrkjesoge ved Misjonsskulen i Stavanger. I 1943 gav han ut boka Det norske misjonsselskaps historie i norsk kirkeliv. Demringstid i Norge, med metodologiske perspektiv på historieskriving inspirert av tysk hermeneutisk filosofi. Då dagsavisa Vårt Land vart starta i Oslo 1945, vart Nome ein av redaktørane. Gjennom sine leiarartiklar eksponerte han den kristne kulturkritiske profilen til avisa, og i sine mange kronikkar tolka han åndslivet i dei tidlege etterkrigsåra.

År 1951 vart Nome tildelt den teologiske doktorgraden på eit arbeid om den tyske teologen Ernst Troeltsch. Same året tok han til som professor ved Menighetsfakultetet, ei stilling han hadde til pensjonerte seg i 1972. Her la han vekt på å utdanne teologar med evne til å møte ideologiske utfordringar. Ved Menighetsfakultetet representerte han den klassiske universitets-tradisjonen. Nome si humanistiske orientering var knytt til ei teologisk og religiøs forankring i evangelisk-lutherske trusførestillingar.

Nome var medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963.

Kjelder endre

Norsk biografisk leksikon