John Robert Gregg

John Robert Gregg (17. juni 186723. februar 1948) var ein irsk-amerikansk pedagog, forleggar, humanist og oppfinnar av stenografi-systemet Gregg shorthand.

John Robert Gregg

Fødd17. juni 1867
Rockcorry
Død23. februar 1948
New York by
NasjonalitetUSA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdelærar
Yrkelærar, oppfinnar, journalist

Liv endre

Barndom endre

John Robert Gregg var fødd i Shantonagh på Irland i 1867, som det yngste barnet Robert og Margaret Gregg. Familien flytta til Rockcorry i County Monaghan i 1872.[1] Robert Gregg, som var av skotsk avstamming, var stasjonsmeister ved Bushford jernbanestasjon i Rockcorry. Han og kona oppseda ungane sine som strenge presbyterianarar. Dei sende ungane sine til landsbyskulen i Rockcorry, der John Robert Gregg blei elev i 1872.[2] Den andre dagen hans på skulen blei han teken i å kviskra med ein medelev, og skulemeisteren slo hovuda til dei to barna saman.[2] Dette skadde høyrsla til Gregg for resten av livet, og gjorde at han ikkje kunne ta full del i skulegangen, ettersom han ikkje kunne forstå læraren.[2][3] På grunn av dette trudde medelevar, lærarar og familie at John Robert Gregg var dum eller mentalt tilbakeståande.[4]

I 1877 vitja ein av Robert Gregg sine vennar, ein journalist som heitte Annesley, landsbyen ei helg. Han kunne stenografisystemet Pitman Shorthand, og tok ordrette notat av preika i kyrkja. Dette skal ha fått presten til å sveitta og stamma, sidan han hadde plagiert preika frå ein kjend forkynnar, og frykta at ho skulle offentleggjerast gjennom notata til Annesley.[4] Robert Gregg såg på evna til å stenografera som viktig kunnskap, og han bestemte at alle ungane hans skulle læra Pitman-metoden, bortsett frå John, som familien rekna som for tungnem til å læra det.[5] Ingen av barna klarte å læra heile systemet.[4] John Robert klarte derimot å læra eit anna stenografisystem på eiga hand, det til Samuel Taylor, som var gjeve ut i ei lita bok av Odell. Sidan han ikkje trengde å høyra for å læra det frå ei bok, klarte han læra seg heile systemet.[5]

Karriere endre

 
Kortform av Gregg sitt forenkla stenografisystem.

Økonomiske vanskar i familien gjorde at Gregg måtte gå ut av skulen då han var 13 for å støtta dei.[6] Han arbeidde i eit advokatkontor, der han tente fem shilling i veka.[7]

Gregg sa han fyrst byrja å forbetra John Matthew Sloan si engelske utgåve av den franske Émile Duployé sitt stenografisystem. Han samarbeidde med ein av salsagentane til Sloan, Thomas Malone,[8] som gav ut eit system kalla Script Phonography. Gregg hevda at mykje av dette var laga av han sjølv.[9] Gregg braut samarbeidet med Malone og, oppmuntra av den eldre broren Samuel, gav han ut og kravde opphavsrett for sitt eige stenografisystem i 1888.[10] Dette gav han ut som tjueåring i ein brosjyre kalla Light-Line Phonography: The Phonetic Handwriting i Liverpool i England.[10] Systemet var fonetisk, men bygde på vanleg kursiv handskrift.[11]

I 1893 emigrerte Gregg til USA. Same året gav han ut Gregg Shorthand,[12] og fekk stor suksess. Gregg slo seg ned i Chicago, der han skipa ein skule, Gregg School og seinare Gregg College, og forlaget Gregg Publishing Company. Han skreiv fleire bøker om stenografi og forretningsverksemd. Han var også redaktør for månadsbladet Gregg Writer frå 1900 og American Shorthand Teacher, seinare Business Education World, frå 1920.[11] Systemet hans blei utbreidd og tilpassa andre språk enn engelsk, som fransk, spansk, italiensk, irsk og polsk.[3]

Kjelder endre

  1. Cowan, Leslie (1984). John Robert Gregg: A Biography. Oxford: The Pre-Raphaelite Press. s. 11. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Cowan, 11.
  3. 3,0 3,1 Gannon, Jack. 1981. Deaf Heritage–A Narrative History of Deaf America, Silver Spring, MD: National Association of the Deaf, p. 169 (PDF Arkivert 2012-04-24 ved Wayback Machine.)
  4. 4,0 4,1 4,2 Cowan, 12.
  5. 5,0 5,1 Cowan, 13.
  6. Cowan, 14.
  7. Cowan, 14.
  8. Cowan, 18.
  9. Cowan, 21.
  10. 10,0 10,1 Cowan, 30.
  11. 11,0 11,1 «John Robert Gregg | Facts, Biography, & Shorthand | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 16. desember 2022 
  12. Cowan, 43.