John Russell
John Russell (18. august 1792–28. mai 1878) var ein britisk adelsmann og politikar som var statsminister i Storbritannia i to periodar kring midten av 1800-talet.
John Russell | |||
| |||
Fødd | 18. august 1792 Mayfair | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mai 1878 (85 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Parti | Whigpartiet (1868), Det liberale parti (1868; 1878) | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | University of Glasgow | ||
Utdanna ved | University of Edinburgh Westminster School | ||
Mor | Georgiana Byng | ||
Far | John Russell | ||
Ektefelle | Frances Russell, Countess Russell, Adelaide Lister | ||
Barn | Rollo Russell, John Russell, Agatha Russell, Georgiana Adelaide Russell, Victoria Russell, George Gilbert William Russell | ||
Medlem | Det bayerske vitskapsakademiet Royal Society Royal Statistical Society Royal Historical Society Det kongelige råd | ||
Alle verv |
|
Russell, som høyrde til ei av dei mektigaste adelsættene i England, var ein leiande politikar for whig-partiet gjennom fleire tiår. I 1832 var han hovudarkitekten for den skiljesetjande Reform Act 1832, ei lov som endra valsystemet i England og Wales og utvida røysteretten. Åra 1846-52 var han statsminister i ei whig-regjering som ikkje evna å kome med avgjerande boteråder mot hungersnauda i Irland, der fjerdeparten av ibuarane på øya strauk med. Det vart då også den siste whig-regjeringa. Russell var på ny statsminister 1865-66, då for det som kan seiast å vere den fyrste regjeringa til det som skulle verte det liberale partiet i Storbritannia.
Når Russell heldt seg så lenge i fremste rekke i britisk politikk, kom det mykje av at han heile tida vedvarande stridde for ideane og sakene han fremja. Som politikar var han såleis mykje oppteken av abstrakte prinsipp, og evna mindre å utvikle fornuftige og praktiske tiltak for samfunnet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Russell, 1st Earl Russell» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2017.