Johnny Carter
amerikansk songar
Johnny Carter (2. juni 1934–21. august 2009) var ein amerikansk doo-wop- og R&B-songar. Han var med å starte The Flamingos og var medlem av The Dells. Begge gruppene er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, så Carter er ein av få som er oppteken i æresgalleriet fleire gonger. Han kom med i The Dells då han erstatta Johnny Funches i 1960 og vart verande eit aktivt medlem i gruppa fram til han døydde.
Johnny Carter | |||
| |||
Fødd | 2. juni 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Død | 21. august 2009 (75 år) | ||
Dødsstad | Harvey i Illinois i USA | ||
Fødenamn | John E. Carter | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960–2009 | ||
Sjanger | Rhythm and blues, Doo-wop | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | The Flamingos, The Dells | ||
Verka som | Songar |
Carter døydde av lungekreft i Harvey i Illinois, 75 år gammal.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johnny Carter (singer)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Grimes, William (25. august 2009). «John E. Carter, Doo-Wop Falsetto, Dies at 75». The New York Times.