Johnny Lee Schell
amerikansk komponist
Johnny Lee Schell er ein USA-amerikansk gitarist og låtskrivar. Seint i 1960-åra spelte han først med produsenten Norman Petty i Group Axis. I 1970-åra vart han med i rockebandet Baby. Han har òg spelt med mange andre artistar, som Bonnie Raitt på albuma Green Light (1982)[1] og Nick of Time (1989)[2] og Renée Geyer på albumet hennar So Lucky (1981).
Johnny Lee Schell | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Instrument | gitar | ||
Verka som | komponist, låtskrivar |
I 2015 spelte Schell gitar på Karen Lovely-albumet Ten Miles of Bad Road[3] og i 2016 på Annika Chambers-albumet Wild & Free.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johnny Lee Schell» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Official Website of Bonnie Raitt: Diskografi, Green Light Arkivert 2010-01-05 ved Wayback Machine. Henta 2. oktober 2020
- ↑ Official Website of Bonnie Raitt: Diskografi, Best Of Bonnie Raitt: Nick of Time, «Thing Called Love» Arkivert 2010-01-06 ved Wayback Machine. Henta 2010-02-23
- ↑ «BLUES, Roots, Americana, blues singer låtskrivar,BMA Nominee Best Contemporary Blues Album,Best Contemporary Blues Female Artist,Song of the Year. 7X Muddy Award Winner. Winner 2nd Place Band 2010 International Blues Challenge. #1 Pick to Click XM Radio Bluesville». Karen Lovely. Henta 2. oktober 2020.
- ↑ Gunther, Marty. «Annika Chambers – Wild And Free | Album Review». Bluesblastmagazine.com.