John Lydon

(Omdirigert frå Johnny Rotten)

John Joseph Lydon (fødd 31. januar 1956), òg kjend under det tidlegare scenenamnet Johnny Rotten, er ein songar, låtskrivar og programleiar, best kjend som frontmann og songar i punkrockbandet Sex Pistols frå 1975 til 1978, og igjen under fleire gjenforeiningar i 1990- og 2000-åra. Han er songar i postpunkbandet Public Image Ltd, som han grunnla og fronta frå 1978 til 1993 og igjen frå 2009. Gjennom karrieren sin har Lydon hatt mange kontroversielle eller avvisande kommentarar om den britiske kongefamilien og andre tema. Q skreiv at han på «eitt eller anna vis har fått status som ein nasjonalskatt».[1]

John Lydon

John Lydon i 2010
Fødd31. januar 1956
London
FødestadHolloway
FødenamnJohn Joseph Lydon
AliasJohnny Rotten
OpphavIrland
Aktiv1975 til i dag
SjangerPunkrock, post-punk, eksperimentell rock, støyrock, alternativ rock, dance-rock, alternativ dance
InstrumentVokal, saksofon, gitar, bassgitar, fiolin, strohfiolin, synthesizer, klaverinstrument
Stemmetypelyrisk tenor
Tilknytte artistarSex Pistols, Public Image Ltd., Leftfield
Verka somMusikar, songar, låtskrivar
Gift medNora Forster

Lydon laga imaget sitt sjølv og dette gjorde at han vart spurt om å bli songaren i Sex Pistols av manageren deira, Malcolm McLaren. Med the Pistols skreiv han singlar som «Anarchy in the U.K.», «God Save the Queen» og «Holidays in the Sun». Bandet skapte landsomfattande opprør i media, som protesterte mot tekstane til Lydon og oppførselen deira, der dei mellom anna banna på direkte fjernsyn, og der Steve Jones kalla Bill Grundy ein «fucking rotter». På grunn av oppførselen til bandet i media, vart Lydon rekna som ein frontperson for heile punkrørsla i media[2] sjølv om dette ikkje vart støtta hos pønkarane sjølv. Trass i dei negative reaksjonane dei skapte, vert dei no rekna som eit av dei mest innverknadsrike banda i rockehistoria.[3][4]

Lydon forlet Sex Pistols i 1978 for å danne sitt eige band, Public Image Ltd, som var langt meir eksperimentelt, og som er skildra som den første postpunkgruppa.[5]

Sjølv om dei aldri var like suksessrike som Sex Pistols, gav bandet ut åtte album og mange singlar, som «Death Disco», «Rise» og «Disappointed», før dei gav seg i 1993. I seinare år har Lydon vore programleiar for fleire fjernsynsshow i Storbritannia, USA og Belgia. Han gav ut sjølvbiografien sin Rotten: No Irish, No Blacks, No Dogs i 1993, og har gjeve ut noko solomusikk, som albumet Psycho's Path (1997). I 2000-åra kom Lydon attende som vokalist for både Sex Pistols og sidan Public Image Ltd for ei rekkje turnear.

Kjelder endre

  1. «The Q Interview: 'I want to take the Sex Pistols to Iraq!'». Q. 
  2. «Sex Pistol singer John Lydon to reform Public Image». Reuters. 7 September 2009. Henta 14. desember 2011. 
  3. «Sex Pistols». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 19. oktober 2019. Henta 19 May 2010. 
  4. Sheldon, Camilla; Skinner, Tony (2006). Popular Music Theory: Grade 4. Registry Publications Ltd. s. 29–30. ISBN 1898466440, 9781898466444 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). Henta 28 May 2010. 
  5. «Plastic Box album review». NME. UK. Henta 14. desember 2011.