Joik er den tradisjonelle folkelege songen til samane. Joiken er oftast svært lydmålande. Alle samiske språk har omgrep for å joika, juoigat. Joik heiter vuelie på sørsamisk, vuolle på lulesamisk, luohti på nordsamisk og levd på austsamisk.[1]

Songane handlar ofte om kjærleik og relasjonar. Ein joik kan beskrive ei vakker jente eller ein kjekk gut som songaren synest om – eller for den del ein rival som songaren ikkje synest like godt om. Det er mykje kjensler, glede og sorg i joiken. Joiken kan òg synast med eit religiøs siktepunkt.

Språkleg sett er verbet «å joike» transitivt, det vil seie at ein talar om å «joike ei jente» snarare enn å «synge ein joik om ei jente» .

Variasjonar endre

Det finst mange ulike stilar innan joik.

  • Den sørsamiske joiken vert kalla vuollie og har i dag eit alderdommeleg preg, sidan utviklinga av musikken stoppa opp ved møtet med kristendomen. Å joike vart sett på som ukultivert eller heidensk, og samane slutta for ein stor del å joike.
  • Luohti er den nordsamiske varianten og i dag den mest utvikla joikstilen.
  • Den austsamiske joiken vert kalla leu'dd.

Artistar endre

Kjelder endre

  1. Gaski, Harald; Ledang, Ola Kai; Aksdal, Bjørn (10. mai 2021). «joik». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.