Jon Askeland (fødd 31. januar 1964) er ein norsk politikar frå Senterpartiet som var ordførar i Radøy kommune frå 2007 til 2019.[1][2][3]

Jon Askeland

Fødd31. januar 1964 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
VervOrdførar i Radøy 2007–2019
FøregangarOlav Steinar Namtvedt
EtterfylgjarIngen
Alle verv
  • ordførar i Radøy (2007–2019)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • fylkesordførar i Vestland (2020–) Sjå dette på Wikidata

Askeland blei vald inn som vararepresentant på Stortinget for Hordaland i periodane 2013-2017 og 2017-2021.[4] Etter fylkestingsvalet 9. september 2019 blei Askeland fylkesordførar i Vestland fylke.[5]

Askeland var regiondirektør i Felleskjøpet før han blei heiltidspolitikar.[6] Han overtok ordførarvervet etter Olav Steinar Namtvedt (Senterpartiet) som hadde vore ordførar 16 år i kommunen.

Kjelder endre

  1. Bente Kopperdal Hervik (28. oktober 2013). «Ordførar og varaordførar». Radøy kommune. Henta 9. juli 2017. 
  2. Askeland held truleg fram som Radøy-ordførar - Nordhordland 14.09.2015, besøkt 08.11.2016
  3. «Radøy kommune - Ordførar og varaordførar», www.radoy.kommune.no, henta 4. august 2020 [daud lenkje]
  4. «Biografi: Askeland, Jon», Stortinget (på norsk), 9. mars 2008, henta 4. august 2020 
  5. «Fylkesordførar, fylkesvaraordførar og hovudutvalsleiarar», www.vestlandfylke.no (på norsk), henta 4. august 2020 
  6. Eit halvt år etter at han vart politisk aktiv var Jon ordførar - Nordhordland 31.01.2014, besøkt 08.11.2016