Jon Gomm

Britisk gitarist og låtskrivar

Jon Gomm (fødd 11. juli 1977) er ein britisk låtskrivar og gitarist. Han brukar ein akustisk gitar til å spela både tromme- og perkusjonseffektar, basslinjer og melodiar samtidig. Musikken hans er påverka av fleire stilartar, mellom anna blues, soul og rock. Michael Hedges er ei viktig inspirasjonskjelde for Gomm.[1] Han har gjeve ut fire studioalbum og har turnert på heiltid sidan 2004.

Jon Gomm

Fødd11. juli 1977 (46 år)
FødestadBlackpool i Lancashire i England
OpphavStorbritannia
Aktiv2004 -
SjangerBlues, soul og rock.
InstrumentGitar, ukulele og vokal
Tilknytte artistarMichael Hedges, Antoine Dufour, Andy McKee, Don Ross, Tommy Emmanuel og Mike Dawes.
Verka sommusikar, gitarist
Gift medNatasha Koczy
Picture by Tom Martin

Biografi endre

Jon Gomm byrja med å spela ukulele då han var to år gamal.[1] Ukulelen vart vald fordi foreldra hans fann ikkje ein gitar som var liten nok. Han fekk undervisning i klassisk gitar frå han var fire år gamal. Då han var tolv år gamal følgde han faren sin, som var ein musikkmeldar for konsertar i heimbyen Blackpool. Når turnerande musikarar spelte på desse konsertane fekk Jon fleire gonger gitartimar med legendariske gitaristar som B.B. King og Jack Bruce frå Cream. Då Gomm kom i tenåra byrja han å spela rock og elektrisk gitar.

Då han var ferdig med skulen valde Gomm bort moglegheita til å studera engelsk på universitetet i Oxford for å studera på The Guitar Institute (no del av Institute of Contemporary Music Performance) i London.[2] Då han studerte betalte han for studiane ved at han spelte jazz i kaffibarar, spelte inn musikk og han spelte countrymusikk i klubbar for linedansarar. Seinare flytta han til byen Yorkshire i Leeds for å studera jazz ved musikkuniversitetet i Leeds.

Gomms soloprestasjonar starta i Leeds.[3] Han utvida lydane han kunne laga med gitaren sin - ved å slå på overflata av gitaren for å skapa lyden av ei skarptromme, basstromme og bongotrommer. Stemma om gitaren for å få bass og ved bruk av høge overtonar frå gitaren for å få synthesizer-effektar. Han brukte desse teknikkane i sine eigne songar og song til.

Musikalsk er han ein etterkomar av Michael Hedges, og ein del av den generasjonen gitaristar som brukar utvida teknikkar, som Andy McKee og Eric Mongrain. Tatoveringa på armen til Gomm er frå omslaget til albumet Oracle av Michael Hedges.[1]

Jon Gomm har avvist dei vanlege musikkbransjens verdiar og praksis og unngår å spela på kjedestadar og bedriftsfestivalar. Opptredenane hans er generelt organiserte med uavhengige arrangørar på arenaar som pubar i landlege område, teater eller kulturhus.[4] Han har vore ein fast utøvar på The Junction Inn, Otley i mange år og tiltrekkjer seg eit stort publikum kortid som helst i byen.

I tillegg til sine eigne spelejobbar har ahn også spelt spelejobbar med Tommy Emmanuel (Australia), Nick Harper og Bob Brozman.

Han har framført på festivalar som Download, Electric Picnic, The Canadian Guitar Festival, The Italian National Guitar Festival, The Garforth Arts Festival og The London Guitar Show på Wembley Arena. Han framfører regelmessig over heile Storbritannia og andre plassar i verden med turar til Kina, Brasil, Sør-Afrika, Tyrkia, Australia og Canada.

I februar 2012 vart ein YouTube-video av Jon Gomm som spelte songen sin «Passionflower» delt på Twitter av den britiske mediepersonlegdommen Stephen Fry.[5] Denne videoen gjekk viralt og har over 18 millionar visningar.[6] Dette førte til at Gomm dukka opp i fleire TV-program og vart booka for spelejobbar og turnear rundt om i verden i løpet av 2012. Han gav også ut eit instrumentalt cover av klassikaren «Ain't Nobody» av Chaka Khan.

I november 2013 vart albumet Secrets Nobody Keeps gove ut etter å ha vorte 100 % finansiert av publikum på fire veker i ein PledgeMusic-kampanje. Albumtittelen er eit teikn til Gomms takknemlegheit for krafta i sosiale nettverk, og ein referanse til Stephen Fry-tweeten som er nemnd ovanfor. «Suksessen til PledgeMusic-kampanjen har vore så gledeleg,» fortel ein entusiastisk Gomm. «Folk fortel meg at eg er for open på sosiale nettverk, men eg har opplevd alle desse overveldande livsendringane på nettet, og eg tok støtte frå mine venar og fans.»

12. august 2020 gav Gomm ut singelen «Cocoon»,[7] som var hans fyste singel på sju år, frå det nye albumet The Faintest Idea.[8]

Diskografi endre

Hypertension endre

- 2003

Jon Gomms fyrste album, Hypertension, vart publisert av han sjølv på eiga hand i 2003. Alle songane er tekne opp i eitt sett, utan spor lagde på etterpå.

 
Biletet er teke av Roland Wichser

Alle songane er skrivne av Jon Gomm med mindre det står skrive noko anna.

  1. "Waiting in Vain" (Bob Marley) (Chis Korpos)
  2. "Clockwork"
  3. "H"
  4. "Stupid Blues"
  5. "Less To You"
  6. "Hey Child"
  7. "High and Dry" (Radiohead)
  8. "Swallow You Whole"
  9. "Butterfly Hurricane"
  10. "Happy Room"
  11. "Crazy Jonny"
  12. "Waterfall"

Don't panic endre

-2009

  1. "Waterfall"
  2. "Afterglow"
  3. "Temporary"
  4. "Gloria"
  5. "Topeka"
  6. "Loveproof"
  7. "Surrender"
  8. "Rescue Song"
  9. "The Weather Machine"
  10. "Wake Up!"
  11. "What's Left For You?"

Secrets Nobody Keeps endre

-2013

Alle songane er skreve av Jon Gomm med mindre det står skreve noko anna.

  1. "Telepathy"
  2. "Ain't Nobody" (Hawk Wolinski)
  3. "There's No Need To Be Afraid"
  4. "Wukan Motorcycle Kid"
  5. "Deep Cut"
  6. "Orville (The Secret of Learning To Fly Is Forgetting To Hit The Ground)"
  7. "Passionflower"
  8. "Message in a Bottle" (Sting)
  9. "Dance of the Last Rhino"
  10. "Everything"

The Faintest Idea endre

-2020

  1. "Deep Sea Fishes"
  2. "Cocoon"
  3. "Dream Factories"
  4. "Tempest"
  5. "The Ghost Inside You"
  6. "Universal Biology"
  7. "Song for a Rainy Day"
  8. "Check You're Still Breathing"
  9. "Butterfly Hurricane"
  10. "Swallow You Whole"
  11. "Until the Sun Destroys the Earth"

Singlar endre

I 2011 gav Gomm ut tre sjølvproduserte singlar gjennom hans nettside.

  1. "Passionflower"
  2. "Message in a Bottle" (Originally by The Police)
  3. "Ain't Nobody" (Originally by Chaka Khan)

4. "Cocoon" (The Faintest Idea)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Gomm alert!». Yorkshire Evening Post. oktober 2004. 
  2. «ICMP: Music Schools | Music College London | Music Academies UK». Icmp.uk.com. 11. september 2015. Henta 23. juli 2017. 
  3. «Jon Gomm». Sandman Leeds. februar 2004. 
  4. Harvey, John (6 August 2004). «Jon Gomm – Interview». Leeds Music Scene. Arkivert frå originalen 3. august 2018. Henta 21 September 2009. 
  5. Bloxham, Andya, Stephen Fry tweets guitarist past 2m views with a 'wow', The Daily Telegraph, 31 January 2012.
  6. [1]
  7. «Jon Gomm - Cocoon». YouTube. Jon Gomm. 12 August 2020. Henta 28. september 2020. 
  8. Ewing, Jerry (31. juli 2020). «Jon Gomm announces new album The Faintest Idea». Louder Sound. Henta 28. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre