Jon Klein
Jon Klein (stundom omtalt som John Klein eller John Kline,[1] fødd 9. mai 1960) er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem i gotisk rock-bandet Specimen.
Jon Klein | |||
| |||
Fødd | 9. mai 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bristol, England | ||
Fødenamn | Jonathan David Klein | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1977 | ||
Sjanger | Post-punk, gotisk rock, alternativ rock, eksperimentell | ||
Instrument | Gitar, song | ||
Tilknytte artistar | Europeans, Specimen, Siouxsie and the Banshees, Sinéad O'Connor, Space Tribe | ||
Verka som | gitarist |
Klein var med å skipe klubben The Batcave i London, som var eit senter for goth-kulturen i Storbritannia tidleg i 1980-åra.
Han var òg med å skipe new wave-bandet Europeans, og var medlem av Siouxsie and the Banshees frå 1988 til 1995. Han har òg spelt med andre artistar som Baron Puppett, Thomas Dolby, Shriekback, Lucia, Space Tribe og Sinéad O'Connor.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jon Klein» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Jon Klein». Discogs.com. Henta 27. august 2020.
- ↑ «Interview for Orkus Magazine». Jungle Records. August 1997. Henta 27. august 2020.