Opna hovudmenyen

Jon Larsson Håven (1. april 18163. september 1898) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Sunndal.

Jon Larsson Håven
Fødd 1. april 1816
Død

3. september 1898

Yrke politikar

Håven var fødd i Sunndal, faren var ein husmann. Han fekk lite skulegong, eit par veker for året. 1837-38 gjekk han i lære hos soknepresten for å verte lærar. I den lange perioden frå 1838 til 1876 var han lærar og kyrkjesongar i heimbygda. Frå 1842 var han kommunekassersar ei tid, kom med i heradstyret i 1843. Han var med i heradstyret i om lag 25 år, fleire år var han ordførar. Mangeårig medlem av forlikskommisjonen og jamnt utsending til valtinga.

I 1859-60 og 1862-63, samt overordentleg storting 1864, representerte Håven Romsdals amt på Stortinget. Han var medlem av protokollkomiteen.

Håven kjøpte i 1847 garden Åker i Sunndal og dreiv denne til etterkomarar tok over. Han døydde i 1898 som kårmann på Åker.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914