Jon Lennart Mjøen
Jon Lennart Mjøen (22. oktober 1912–3. januar 1997) var ein norsk skodespelar og sceneinstruktør frå Oslo. Han var son til Jon Alfred Mjøen og bror til Fridtjof Mjøen og Sonja Mjøen.
Jon Lennart Mjøen | |||
Jon Lennart Mjøen og Olav Engebretsen ved innspelinga av lystspelet Troll i ord i 1954 | |||
Fødd | 22. oktober 1912 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 3. januar 1997 (84 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Aktive år | 1936–1997 | ||
Verka som | filmregissør, manusforfattar, skodespelar | ||
Mor | Claire Grevérus Mjøen | ||
Far | Jon Alfred Mjøen | ||
Ektefelle | Else Heiberg | ||
Born | Lars Mjøen |
Jon Lennart Mjøen fekk sin debut ved Søilen Teater i Oslo. Sidan var han tilsett eitt år ved Det Nye Teater, også Oslo, og like lenge ved Trøndelag Teater i Trondheim. Periodane 1938–41 og 1944–59 var han i fast jobb på Centralteatret. Til sist arbeidde han på Oslo Nye Teater frå 1959 til –67. Mjøen var aktiv som instruktør både med komediar og realistisk dramatikk. Han utmerkte seg som rollefiguren Higgins i Pygmalion og spelte Hero i Generalprøven av Jean Anouilh.
Mjøen filmdebuterte i 1942. Han spelte større og mindre roller i mellom andre Kranes konditori (1951) og Stevnemøte med glemte år (1957), ein film etter Sigurd Hoel sin roman som han også regisserte, og i 1964 komedien Pappa tar gull.
Kjelder
endre- «Jon Lennart Mjøen». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 9. september 2018.