For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dráma i Hellas.

Eit drama (frå gresk δράμα (drama), ‘handling’) er eit litterært stykke formidla av ein eller fleire skodespelarar gjennom tale, rørsler og ulike effektar. Dei kan bruka monologar eller dialogar til å uttrykka seg.[1] Drama blir gjerne framført på teater, som skodespel, men kan også finna stad utandørs, som film, høyrespel eller anna. Drama høyrer til litteratursjangeren dramatikk.

Framstilling av Hermann Vezin i hovudrolla i stykket Dan'l Druce, Blacksmith og Marion Terry som det forlatne barnet Dorothy. Illustrasjon frå The Illustrated London News frå 18. november 1876.

Omgrepet blir også brukt om skodespelarkunst og -teori, som i utdanningsprogrammet «Musikk, dans og drama», og om valdsame hendingar, som «eit våpendrama».[2]

Nokre døme på drama er skodespela til Henrik Ibsen og filmar av Steven Spielberg.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Hamm, Christine (12. november 2020). «drama». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «drama» i Nynorskordboka.
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.