Jonas Thomassen
Jonas Thomassen (fødd 13. mai 1988) er ein norsk musikar som blei kjent i Noreg då han kom på andreplass i Idol i 2006. I semifinalen framførte han songen «Hurt» av Johnny Cash/Nine Inch Nails, og av dei åtte deltakarane mottok Thomassen heile 42 % av stemmane for å komme med til finalen. Han endte altså til slutt på andreplass, etter å ha mottatt 45 % av de omtrent 740 000 stemmane som blei gitt i finalen. Vinnaren blei Aleksander Denstad With.
Jonas Thomassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mai 1988 (36 år) |
Yrke | fotballspelar, songar |
Thomassen voks opp i Rygge utanfor Moss, og begynte å spele gitar som 5-åring. Han starta etterkvart bandet Wha' saman med nokre kameratar, og spelte også åleine under aliaset Bare John Band.
Han gjekk på Wang Toppidrettsgymnas i Moss, og spelte spiss for A-laget til fotballklubben Rygge IL. Han var per mai 2017 dagleg leiar for eigedomsnettstaden Boligmani.no.[1]
Diskografi
endre- Bold Street (2007) med Jt Scam
Referansar
endre- ↑ «Om Boligmani - Boligmani.no». Boligmani.no. Henta 21. mars 2017.