J.R. Cash (26. februar 193212. september 2003), kjend som Johnny Cash, var ein velkjend countryartist og skodespelar frå Arkansas i USA. Stilen spenner over eit vidt spekter, med element av country, rock and roll, blues og spirituals. Cash var kjent for si fyldige baryton-røyst.

Johnny Cash

Johnny Cash i 1969
Foto: Joel Baldwin / LOOK
Fødd26. februar 1932
FødestadKingsland
Død12. september 2003 (71 år)
DødsstadNashville
FødenamnJ. R. Cash
AliasThe Man in Black
OpphavUSA
Aktiv1954–2003
SjangerCountry, rock and roll, folk, blues, gospel
Instrumentvokalist
gitar
piano
munnspel
mandolin
Stemmetypebassbaryton
PlateselskapSun Records, Charly Records, Columbia Records, American Recordings, House of Cash
Verka somsongar, låtskrivar
MorCarrie Cloveree Rivers
FarRay Cash
Gift medVivian Liberto, June Carter Cash
BornRosie Nix Adams, Rosanne Cash, John Carter Cash, Kathy Cash, Cindy Cash, Tara Cash
PrisarNational Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Legend Award, Rock and Roll Hall of Fame, Library of Congress Living Legend, California Hall of Fame, Kennedy Center Honors, Americana Award for Artist of the Year, "Spirit of Americana" Free Speech Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Willie Nelson Lifetime Achievement Award

Liv endre

Oppvekst endre

Cash var son av Ray og Carrie Cash, den fjerde av sju barn. Han blei fødd i Kingsland og voks opp i Dyess, begge småbyar nordaust i Arkansas. Som liten fekk han namnet J.R. Cash. Først då han gjekk inn i militæret, som ikkje godtok initialar som førenamn, let han J-en stå for John, og som artist seinare tok han namnet Johnny.

Johnny Cash vaks opp under den store depresjonentrettitalet, og arbeidde på familiegarden der dei dyrka bomull, soya, mais og grønsaker. Opplevingane frå denne tida har gjeve attklang i songane hans, som songar om fattigdom og, ved eitt høve, flaum. Ei anna skilsetjande hending var dødsulukka der den to år eldre broren Jack blei kvesta i ei sag. Dødsfallet hans over ei veke seinare gjekk sterkt inn på Cash.

Johnny Cash lærde mykje musikk gjennom salmar, og trua vart ein viktig del av heile liva hans. Han byrja ikkje å spele gitar før han var nærare tjue år, då han var stasjonert i militæret i Vest-Tyskland. Då han seinare skulle ta songtimar vart han sendt heim etter tre øvingar med melding om å aldri la nokon få forandre det spesielle uttrykket hans – ein grov og ru baryton, upolert og firkanta, langt unna dei glatte og velproduserte stemmene til mange av dei populære musikarane i tida.

Den tidlege karrieren endre

 
Johnny Cash med kona June Carter Cash, i 1969.
Foto: Joel Baldwin / LOOK

Cash byrja karrieren på det som skulle bli legendariske Sun Studio. Singelen «Folsom Prison Blues» vart berømt for linjene «I shot a man in Reno/Just to watch him die». I likskap med mange av dei samtidige artistane sine hadde Johnny Cash eit nært tilhøve til gospel, og framførte religiøse songar gjennom heile karrieren. Denne sida vart likevel tona ned, fordi plateselskapet var redd for at det ville ha ein negativ effekt på populariteten hans. Han insisterte likevel på å gje tiende attene til Gud, og difor finn ein som regel minst éin kristen song på dei fleste albuma hans.

Karrieren skaut raskt fart, med eit påfølgjande hektisk turnéliv saman med mellom anna Carl Perkins, Elvis Presley, Roy Orbison, Waylon Jennings og Jerry Lee Lewis. Cash vart snart avhengig av amfetamin, eit vanleg rusmiddel blant artistar som levde under stort press. På femtitalet hadde ein enno ikkje oversyn over langtidsverknadane til stoffet, og ein fekk amfetamin på resept. Alkohol vart ein like viktig ingrediens, noko som førte til ei rekkje ulukker og skandalar. Cash innsåg etter kvart at han var avhengig, og June Carter har ein stor del av æra for at han greidde å bli rehabilitert før han gjekk under, sidan dei fleste andre rundt han var i ferd med, eller hadde allereie, gjeve han opp.

Allereie som gut var Cash fascinert av musikkgruppa Carter Family, som han høyrde på radio, og då spesielt June Carter. Ho vart med Cash på det omreisande showet hans og det utvikla seg ein hemmeleg kjærleik – på den tida var begge gift på kvar sin kant, Johnny Cash med Vivian Liberto og June Carter med Carl Smith, men begge vart skilt. Dei to hadde stor innverknad på kvarandre, òg musikalsk, sidan June var ein særs god musikar og vokalist. Ho skreiv blant anna den kanskje største hitten til Johhny, «Ring of Fire», saman med Merle Kilgore. I 1968, etter mange år og gjentekne frieri, sa June til slutt ja, på scena, framfor ein fullsett sal.

I 1970 fekk Johnny og June sin einaste son, John Carter Cash, og dei brukte resten av livet på å spele musikk og underhalde på turné.

I sin andre sjølvbiografi, Cash (1997), som på somme punkt motseier den første, Man in Black (1975), seier han at det er vanskeleg å hugse kva som er sant og kva som er soge – for han handlar det om grader av ærlegdom.

«Mannen i svart» endre

Cash var så kjent for si svarte klesdrakt at han skreiv ein eigen song om henne, «The Man In Black». Der seier han at han berre går i svart i solidaritet med dei utslåtte i samfunnet; dei fattige, dei fengsla, dei som ikkje har høyrt eller lese Jesu ord, dei sjuke og einsame, rusmisbrukarar og så bortetter. Han avslutta songen med å seie at han gjerne skulle gått kledd i ein regnboge, men at til ting forandrar seg til det betre, så går han kledd i svart. Den faktiske årsaka til klesdrakta er heller prosaisk: Då han skulle spele den første konserten sin hadde ikkje han og musikarane like dressar. Men alle hadde svarte skjorter og blå jeans, og slik vart det.

Cash vart kjent og akta countryartist på femtitalet og hadde sin første stordomstid på sekstitalet. Det året The Beatles turnerte i USA selde Cash fleire plater og trekte fleire til konsertane.

På sekstitalet auka òg rusmisbruket, som kulminerte i ein episode der han med vilje villa seg inn i ei grotte og ikkje ville kome ut igjen. Han fekk likevel ei sterk oppleving av at Gud ynskte han i live og hadde ein plan med livet hans, så han fann vegen ut igjen og avrusa seg. Gudstrua og kona June var dei to tinga som heldt han på plass, men begge delar med formidabel kamp.

Den andre stordomstida endre

 
Cash møter president Nixon i det kvite hus i 1972
Foto: Ollie Atkins/Det kvite huset

Cash likte godt å opptre i fengsel, dels på grunn av identifikasjonen med dei innsette, og dels på grunn av den direkte og rå responsen han fekk. Den mest berømte konserten heldt han i Folsom Prison i 1968, og innspelinga av denne vart ein av hans definitive bestseljarar.

Han fekk sitt eige program hos TV-kanalen ABC som heitte The Johnny Cash Show. Det gjekk mellom 1969 og 1971, og hadde gjester som Bob Dylan, Neil Young, Joni Mitchell, George Jones og The Monkees. Programmet var veldig populært den første sesongen, på grunn av fengselsalbuma og Cashs suksess med singelen «A Boy Named Sue». Programmet inneheldt òg ein historiedel, Ri This Train, der Cash tok toget til historiske stader i USA og fortalde kva som hadde skjedd der. Programmet vart teke av sendeplanen i 1971 på grunn av fallande sjåartal.

I juli 1978 gjekk Cash i studio for å speIe inn "The Gambler". Bassisten Marshall Grant kom sidan til å peike på denne innspelinga som tidspunktet då Cash på nytt fekk eit høgt forbruk av piller. I 1983 vart han rusavhengig att, denne gongen av smertestillande piller i kjølvatnet av ein operasjon. Då vart eit opphald ved ein Betty Ford-rehabiliteringsklinikk vegen ut, og han heldt seg rusfri livet ut. Då han seinare gjennomgjekk ein hjarteoperasjon brukte han ikkje smertestillande i redsle for å bli hekta att.

Comeback, igjen endre

 
Frå grava til Cash

I 1985 tok han seg inn i rampelyset att med supergruppa The Highwaymen som utom Cash sjølv hadde med Kris Kristofferson, Willie Nelsonar og Waylon Jennings. Då var Cash sin eigen karriere i endå ein bølgjedal. Han var usamd med plateselskapet, og dei trudde heller ikkje på han som salsvare, og ynskte ikkje å fornye kontrakten hans. Rick Rubin lét Cash få avgjere heilt sjølv kva han ville spele. Etter tre dagar og fleire hundre songar spelt inn heime hos Rick Rubin, med berre Cash og ein kassegitar, vart American Recordings gjeve ut i 1994.

Det kanskje første sikre teiknet på Cash sitt comeback var gjestinga hans på U2 sitt album Zooropa i 1993, der han song «The Wanderer». Cash hadde alltid sunge både eigne og andres songar, men i denne siste perioden var det ei rekkje coverlåtar som etter fem tiår som aktiv artist kom til å introdusere han for eit anna og langt yngre publikum, mellom dei Depeche Mode sin «Personal Jesus» og Trent Reznor (Nine Inch Nails) sin song «Hurt». Videoen til «Hurt» vart nominert i sju kategoriar i 2003 MTV Video Awards. Då var Cash 70 år gammal.

Dei siste åra av livet sitt var Cash plaga av sjukdom og komplikasjonar etter ulykker. Han verka likevel meir tilfreds og roleg enn nokon gong trass kroniske smerter og lidingar. Mange meiner attpåtil at han leverte dei beste albuma sine i denne perioden. Cash peikte sjølv på Gud og alle velsigningane han hadde fått, gleda og takksemda over familien og livet han hadde levt. Dei som stod nær han, visste at den største frykta hans var å overleve kona June, difor var det eit hardt slag då ho døydde 15. mai 2003. Etter det brukte han mest mogleg tid i studio, inntil han følgde kona si 12. september 2003. Cash har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

I 2005 kom filmen Walk the Line som fortalde om Cash sitt liv fram til konserten i Folsomfengselet i 1968. Joaquin Phoenix spelte Johnny Cash og Reese Witherspoon hadde rolla som June Carter.

Utvald diskografi endre

Utgjeve Tittel Plateselskap Listeplassering i Noreg
1957 Johnny Cash with His Hot and Blue Guitar Sun
1958 Johnny Cash Sings the Songs That Made Him Famous Sun
1958 The Fabulous Johnny Cash Columbia
1959 Greatest! Sun
1959 Hymns by Johnny Cash Columbia
1959 Songs of Our Soil Columbia
1960 Sings Hank Williams Sun
1960 Ride This Train Columbia
1960 Now, There Was a Song! Columbia
1961 Now Here's Johnny Cash Sun
1961 The Lure of the Grand Canyon Columbia
1962 Hymns from the Heart Columbia
1962 The Sound of Johnny Cash Columbia
1962 All Aboard the Blue Train Sun
1963 Blood, Sweat and Tears Columbia
1963 Ring of Fire: The Best of Johnny Cash Columbia
1963 The Christmas Spirit Columbia
1964 The Original Sun Sound of Johnny Cash Sun
1964 I Walk the Line Columbia
1964 Bitter Tears: Ballads of the American Indian Columbia
1965 Orange Blossom Special Columbia
1965 Sings the Ballads of the True West Columbia
1966 Everybody Loves a Nut Columbia
1966 Happiness is You Columbia
1968 At Folsom Prison Columbia 47 veker på lista i 1968–1969 med 7. plass som den beste plasseringa.
1969 At San Quentin Columbia 22 veker på lista i 1969–1970 med 6. plass som den beste plasseringa.
1970 Hello, I'm Johnny Cash Columbia 5 veker på lista i 1970 med 7. plass som den beste plasseringa.
1970 World of Johnny Cash Columbia 2 veker på lista i 1970 med 17. plass som den beste plasseringa.
1972 A Thing Called Love Columbia 5 veker på lista i 1972 med 7. plass som den beste plasseringa.
1994 American Recordings American Recordings
1996 Unchained American Recordings 3 veker på lista i 1996 med 20. plass som den beste plasseringa.
2000 American III: Solitary Man American Recordings 4 veker på lista i 2000 med 11. plass som den beste plasseringa.
2002 American IV: The Man Comes Around American Recordings 30 veker på lista i 2002–2006 med 4. plass som den beste plasseringa.
2002 The Essential Johnny Cash Legacy Recordings 11 veker på lista i 2003, 2004 og 2006 med 6. plass som den beste plasseringa.
2003 Unearthed American Recordings
2006 Personal File Legacy Recordings 3 veker på lista i 2006 med 21. plass som den beste plasseringa.
2006 American V: A Hundred Highways American Recordings 15 veker på lista i 2006 med 3. plass som den beste plasseringa.
2007 American VI American Recordings

Listeplasseringar er henta frå nettarkivet til VG-lista.[1]

Hit-singlar endre

Johnny Cash har hatt følgjande hitsinglar som Nr 1 på dei amerikanske country-hitlistene:

Tittel År som hit
«Get Rhythm» 1956 og 1969
«I Walk the Line» 1956
«There You Go» 1957
«Ballad of a Teenage Queen» 1958
«Guess Things Happen That Way» 1958
«Don't Take Your Guns to Town» 1959
«Ring of Fire» 1963
«Understand Your Ein» 1964
«Folsom Prison Blues» 1968
«Daddy Song Bass» 1969
«A Boy Named Sue» 1969
«Sunday Morning Coming Down» 1970
«Flesh and Blood» 1971
«One Piece at a Time» 1976

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre