Jordbærtre
Jordbærtre
Jordbærtre
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Jordbærtre
Utbreiinga av Jordbærtre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Slekt: Jordbærtreslekta Arbutus
Art: Jordbærtre A. unedo
Vitskapleg namn
Arbutus unedo

Jordbærtre (Arbutus unedo) er ein plante i lyngfamilien.

Han dannar ein eviggrøn busk eller eit lite tre og blir opptil tolv meter høg. Borken er raudbrun og fell av i flak. Blada er spreidde, elliptiske, mørkegrøne, lêraktige og tanna. Blomane er kremfarga, klokkeforma og velluktande; dei sit i nikkande, tette klasar. Frukta er eit bær med grove vorter som minner litt om eit jordbær. Ho er fyrst gul, men blir sidan skarlagensraud. Fruktene blir ikkje modne før blomane for neste år spring ut.

Arten veks i skogkantar, kratt og på steinete stader, helst på sur jord. Han er ein viktig del av maquis-vegetasjonen i middelhavsområdet og veks rundt det meste av Middelhavet, men er sjeldan lengst aust der han delvis blir erstatta av slektningen Arbutus andrachne. Han finst òg langs den europeiske atlanterhavsskysten til Bretagne og sørvestre delar av Irland.

Åmene til den største dagsommarfuglen i Europa, Charaxes jasius, lever på jordbærtre.

Jordbærtre blir dyrka i hagar som prydplante, men er òg nyttig på mange andre måtar. Blomane inneheld mykje nektar og er viktige for honningbier, men honninga dei lagar av denne har ein bitter smak som ikkje alle liker. Fruktene kan etast, men har ein noko flau smak; unedo betyr 'et éi'. Det blir laga syltetøy og alkoholholdige drikkar av fruktene, til dømes det portugisiske brennevinet medronho. Veden eignar seg godt til å laga trekol, og i Hellas blir han brukt til fløyter.

Madrid har eit jordbærtre og ein bjørn i byvåpenet sitt.

Bilde endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). London: A & C Black. s. 165–166. ISBN 0-7136-7015-0
  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 292–293. ISBN 82-512-0355-4
  • A. Mitchell, oversatt av I. Gjærevoll (1977). Trær i skog og hage. Tiden. s. 375. ISBN 82-10-01282-7
  • O. Polunin og A. Huxley, norsk utgave P. Sunding (1978). Middelhavsflora. NKI-Forlaget. s. 136. ISBN 82-562-0490-7
  • M.G. Miguel m.fl. «Arbutus unedo L.: chemical and biological properties». Molecules 19 (10): 15799-15823. ISSN 1420-3049. doi:10.3390/molecules191015799.