Ei jordreform er ei omfordeling av landbruksareal, normalt ved at store eigedommar vert stykka opp frivillig eller med tvang, og delt ut til eigedomslause landarbeidarar eller småbønder. Dette har vore vanlegast i jordbruket og mindre vanleg i skogbruket.

Det finst ei rekkje historiske døme på jordreformar, som ofte (men ikkje alltid) er knytte til «progressive», venstreorienterte politiske rørsler. I nokre tilfelle, som i Sverige i 17571807 og i Noreg1800-talet, var føremålet ikkje sosial omfordeling av ressursar, men å styrkje effektiviteten i jordbruket. Både innføringa og opphevinga av føydal liveigenskap i Europa skjedde gjennom radikale jordreformer, med høvesvis sentralisering og fordeling av eigarskap. Vidare må ein også sjå på den sovjetiske kollektiviseringa under Stalin som ei jordreform.

KjelderEndra