Jordskjelvet i Kivu i 2008
Jordskjelvet i Kivu i 2008 var eit jordskjelv som råka fleire land kring Dei store afrikanske sjøane kl. 0734 den 3. februar. Det målte 5,9 på momentmagnitudskalaen i følgje United States Geological Survey[2] og varte kring 15 sekund.[3][4] Episenteret låg 20 km nord for Bukavu ved Kivusjøen i Den demokratiske republikken Kongo.[4]
Jordskjelvet i Kivu i 2008 | |||
jordskjelv | |||
Land | Rwanda, Burundi Den demokratiske republikken Kongo, Kenya | ||
---|---|---|---|
Stad | Kivusjøen | ||
- koordinatar | 2°18′50″S 28°53′46″E / 2.314°S 28.896°E | ||
Dato | 3. februar 2008 | ||
Styrke | 5.9 Mw | ||
Drepne | 44 døde og 349+ skadde[1] | ||
Jordskjelvet i Kivu i 2008 2°18′50″S 28°53′46″E / 2.314°S 28.896°E |
Detaljar
endreMinst 25 menneske omkom i Rwanda, og kring 200 vart alvorleg såra. Ti menneske omkom då ei kyrkje kollapsa i Rusizi-distriktet i Den vestlege provinsen i Rwanda, i følgje radio i Rwanda[5] I Den demokratiske republiken Kongo vart minst fem stadfesta døde og 149 alvorleg skadde.[6]
Jordskjelvet vart merka i Burundi, der det førte til straumbrot, og så langt borte som den kenyanske hovudstaden Nairobi.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2008 Lake Kivu earthquake» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://earthquake.usgs.gov/earthquakes/eqarchives/year/2008/2008_deaths.php
- ↑ «Magnitude 5.9 - LAC KIVU REGION, DEM. REP. OF THE CONGO». USGS. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen 4. februar 2008. Henta 21. januar 2014.
- ↑ «At least 21 die in Rwanda quake». Reuters. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen den 13. februar 2008. Henta 21. januar 2014.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Deadly earthquake shakes Rwanda». BBC Online. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen den 4. februar 2008. Henta 21. januar 2014.
- ↑ «23 dead in Rwanda earthquake: radio». Australian Broadcasting Corporation. Arkivert frå originalen den 6. februar 2008. Henta 21. januar 2014.
- ↑ «Death toll from Rwanda, Congo quakes hits 30». Reuters. 3. februar 2008. Arkivert frå originalen 13. februar 2008. Henta 21. januar 2014.