Nairobi
Nairobi | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins |
Kenya Nairobi provins |
Grunnlagd | 1899 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
684 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
2 940 911 4 230/km² rundt 3 millionar rundt 4 millionar |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 1 661 m |
Tidssone | EAT (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.nairobicity.org | |
Plassering | |
Nairobi er hovudstad og største by i Kenya. Nairobi er òg administrativt senter i Nairobi provins og i distriktet Nairobi. Byen ligg ved Nairobielva, sør i landet i ei høgd på 1 661 meter over havet. Namnet kjem frå Maasai, Ewaso Nyirobi, og tyder «kaldt vatn».
Nairobi er den mest folkerike byen i Aust-Afrika og storbyområdet har mellom 3 og 4 millionar innbyggjarar. I følgje ei folketeljing i 1999 har det administrative området i Nairobi 2 143 254 innbyggjarar fordelt på 684 km².[1] I 2002 var Nairobi den 12. største byen i Afrika.
Byen er ein av dei viktigaste i Afrika både politisk og økonomisk. Han er eit senter for forretningar og kultur og mange selskap og organisasjonar held til der.
Nairobi vart grunnlagd i 1899, som ein etterforsyningsstasjon for den ugandiske jarnbanen mellom Mombasa og Uganda, og overtok rolla som hovudstad etter Mombasa i 1905. Han vart ombygd tidleg på 1900-talet etter eit pestutbrot og ein større bybrann. Nairobi vart hovudstad i Britisk Aust-Afrika i 1907 og kenyansk hovudstad etter sjølvstendet i 1963.

KjelderEndra
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 29. november 2006, henta 4. april 2007