Opna hovudmenyen

Jordskjelvet i Kobe 1995 var eit jordskjelv som skjedde tysdag den 17. januar 1995 kl. 05:46 lokal tid. Det vart målt til 6,8 på momentmagnitudskalaen (USGS),[1] og Mj7.3 (jusert frå 7.2) på JMA-skalaen.[2] Skjelva varte i om lag 20 sekund. Senteret for jordskjelvet var 16 km under episenteret,[2] nord på øya Awaji, 20 km frå byen Kobe.

Kobe 1995
jordskjelv
Hanshin-Awaji earthquake 1995 Kashiwai-building 001.jpg
Land Flag of Japan.svg Japan
Stad Awaji
 - koordinatar 34°35′54″ N 135°2′6″ E
Dato 17. januar 1995
Styrke Mw 6,8 (USGS)

Mj 7.3 (justert frå 7.2; JMA-skala)

Drepne og såra 6434 drepne, kring 300 000 vart heimlause
Japan natural location map with side map of the Ryukyu Islands.jpg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: 1995 Great Hanshin-Awaji earthquake

Om lag 6434 menneske mista livet, 4600 av desse frå Kobe[3] Av dei store byane var det Kobe, med 1,5 millionar innbyggjarar, som låg nærast episenteret og som vart hardast råka av skjelvet. Dette var det verste jordskjelvet til Japan på 1900-talet etter Kantō-jordskjelvet i 1923, som kravde 140 000 liv. Øydeleggingane vart estimerte til ti billionar yen ($100 milliardar), 2,5% av Japan sitt BNP på den tida.

KjelderEndra

  • Kitamura, R.; Yamamoto, T.; Fujii, S. (1998). «Impacts of the Hanshin-Awaji Earthquake on Traffic and Travel - Where Did All the Traffic Go?». I Cairns, S., Hass-Klau, C. & Goodwin, P. Traffic Impact of Highway Capacity Reductions: Assessment of the Evidence. London: Landor Publishing. s. 239–261. 
  • Seismic Activity in Japan. Headquarters for Earthquake Research Promotion. Retrieved on 2009-05-06.
  1. U.S. Geological Survey. «Significant Earthquakes of the World: 1995». Henta 17. april 2011. 
  2. 2,0 2,1 Byen of Kobe (1. januar 2009). «STATISTICS» (PDF). The Great Hanshin-Awaji Earthquake: Statistics and Restoration Progress. Henta 17. april 2011. 
  3. Kobe City FIRE Bureau (17. januar 2006). «被害の状況». 阪神・淡路大震災. On the Site in Japanese of Kobe City FIRE Bureau. Henta 17. april 2011.  External link in |publisher= (hjelp)

BakgrunnsstoffEndra

  • City.Kobe.jp, The Great Hanshin-Awaji Earthquake Statistics and Restoration Progress