Joris Christian Nordbye

Joris Christian Nordbye (176514. februar 1838) var ein norsk bonde, lensmann, forlikskommissær og valmann i fleire år.[1]

Joris Christian Nordbye
Fødd 1765
Død

14. februar 1838 (72 år)

Yrke bonde, politikar

Nordbye var fødd i 1765 på Tynset og døypt 27. juli. Han var lensmann i Selbu, og var 4. representant frå Søndre Trondhjems amt til stortinget i 1815.[2] Han var medlem av åtte komitear, mellom anna valkomiteen, komiteen om skatte-, bank-, penge- og finansvesen og om oppgjeret med Danmark. Han var 2. suppleant i 1818.[1]

Nordbye fekk medaljen for borgerdåd og Dannebrogordenens heidersteikn.[1] Han døydde i 1838 i Selbu.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). Stortinget og statsraadet: 1814-1914 = Kristiania. Steen'ske bogtrykkeri. s. 645. 
  2. Biografisk informasjon om Joris Christian Nordbye NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv