Opna hovudmenyen

José Manuel Reina

spansk fotballspelar

José Manuel Reina Páez, også kjend som Pepe Reina (fødd 31. august 1982 i Madrid) er ein spansk fotballspelar, som har spela som keeper for Liverpool i engelsk Premier League, og for det spanske landslaget.

José Manuel Reina
Pepe Reina 2017.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn José Manuel Reina Páez
Fødd 31. august 1982 (37 år)
Fødestad Madrid
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Liverpool
Nummer 25
Ungdomsklubbar

1995-99
Spania Madrid Oeste
Spania Barcelona
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2002
2002-05
2005-
2013-14
Spania Barcelona
Spania Villarreal
Flag of England.svg Liverpool
Italia Napoli (lån)
30 (0)
109 (0)
285 (0)
29 (0)
Landslag
2000-03
2005-
2000
Spania Spania U21
Spania Spania
Catalonia Catalonia
20 (0)
31 (0)
1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Reina var med på å vinna FA-cupen med Liverpool i 2006. Han var den keeperen som spelte flest kampar i Premier League utan å sleppa inn mål i både 2005/06-, 2006/07-, 2007/08- og 2009/10-sesongen og vart kåra til årets spelar i Liverpool i 2010. I 2014 vart han cupmeister i Italia med Napoli, der han spelte på lån frå Liverpool.

I 1999 var Reina med på å vinna U17-EM med Spania. Han debuterte for A-landslaget 17. august 2005 i ein privatlandskamp mot Uruguay. Sidan då har han stort sett vore andrekeeperen til Spania, som reserve for Iker Casillas. Han spelte ein av kampane då Spania vart europameistrar i 2008. I fotball-VM i 2010 var han med i troppen, men spelte ingen kampar då Spania vart verdsmeistrar. I 2012-EM var han igjen ubrukt reserve då Spania vart europameister for andre gong på rad.