José Manuel Reina

spansk fotballspelar
(Omdirigert frå José Reina)

José Manuel Reina Páez, også kjend som Pepe Reina (fødd 31. august 1982 i Madrid) er ein spansk fotballspelar som er målvakt. Han har spela som keeper for det spanske landslaget, Liverpool og AC Milan.

José Manuel Reina
Personleg informasjon
Fullt namn José Manuel Reina Páez
Fødd 31. august 1982 (42 år)
Fødestad Madrid
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Liverpool
Nummer 25
Ungdomsklubbar

1995-99
Spania Madrid Oeste
Spania Barcelona
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999–2000 Barcelona C 3 (0)
1999–2000 Barcelona B 41 (0)
2000–2004 Barcelona 30 (0)
2004–2005 Villarreal 109 (0)
2005–2014 Liverpool 285 (0)
2013–2014 → Napoli (lån) 30 (0)
2014–2015 Bayern München 3 (0)
2015–2018 Napoli 109 (0)
2018–2020 Milan 5 (0)
2020 → Aston Villa (lån) 11 (0)
2020– Lazio 0 (0)
Landslag
1998–1999 Spania U16 9 (0)
1999 Spania U17 2 (0)
2000 Spania U18 1 (0)
2000–2003 Spania U21 20 (0)
2000–2002 Catalonia 2 (0)
2005– Spania 36 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. juli 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 9. oktober 2017

Reina var med på å vinna FA-cupen med Liverpool i 2006. Han var den keeperen som spelte flest kampar i Premier League utan å sleppa inn mål i både 2005/06-, 2006/07-, 2007/08- og 2009/10-sesongen og vart kåra til årets spelar i Liverpool i 2010. I 2014 vart han cupmeister i Italia med Napoli, der han spelte på lån frå Liverpool.

I 1999 var Reina med på å vinna U17-EM med Spania. Han debuterte for A-landslaget 17. august 2005 i ein privatlandskamp mot Uruguay. Sidan då har han stort sett vore andrekeeperen til Spania, som reserve for Iker Casillas. Han spelte ein av kampane då Spania vart europameistrar i 2008. I fotball-VM i 2010 var han med i troppen, men spelte ingen kampar då Spania vart verdsmeistrar. I 2012-EM var han igjen ubrukt reserve då Spania vart europameister for andre gong på rad.