Josef K var eit skotsk post-pønkeband som var aktivt på byrjinga av 1980-talet. Namnet til gruppa kjem frå ein hovudperson i Franz Kafka sin roman Prosessen.

Josef K
Aktiv1979–
Sjangerindierock, post-punk
PlateselskapPostcard Records

Bandet kom saman i Edinburgh i 1977 under namnet «TV Art», men tok namnet Josef K i 1979. Musikalsk blanda gruppa post-pønk-gitarar med funk og disco-rytmar. Sjølv om den kommersielle suksessen til bandet var laber, kan ein sjå innverknaden deira på andre band som Interpol og spesielt Franz Ferdinand.

Medlemmar

endre
  • Paul Haig – gitar, song
  • Malcolm Ross – gitar, fiolin
  • David Weddell – bassgitar
  • Ronnie Torrance – trommar

Alle songane til gruppa var skrivne av anten Paul Haig eller Paul Haig/Malcolm Ross.

Paul Haig gjekk vidare med ein solokarriere og gav ut ei rekkje album på sitt eige plateselskap Rhythm of Life mellom 1984 og 2002. Malcolm Ross blei medlem av Orange Juice og deretter av Aztec Camera og Blancmange før også han byrja ein solokarriere.

Plateutgjevingar

endre
  • Sorry For Laughing (ikkje utgjeve album 1980, kom ut i 1990)
  • The Only Fun In Town (1981)
  • Young and Stupid (samlealbum med singlar 1979-1981, utgitt 1991)
  • Endless Soul (samlealbum, kom ut i 1998)

Crazy to Exist (konsertopptak frå 1981, gjeve ut i 2002)

Kjelder

endre