Josef Masopust (9. februar 193129. juni 2015) var ein tsjekkoslovakisk/tsjekkisk fotballspelar og -trenar. Han vann VM-sølv med Tsjekkoslovakia under fotball-VM 1962 i Chile og vart same året kåra til årets fotballspelar i Europa. Masopust spelte sentralt på midtbana.

Josef Masopust
Fødd 9. februar 1931
Fødestad Most
Død 29. juni 2015
Dødsstad Praha
Josef Masopust (1962)

Masopust var fødd i landsbyen Střimice ved Most. Han spelte for den lokale klubben SK Most til han 19-år gammal melde overgang til FK Teplice i den tsjekkoslovakiske topp-divisjonen. I 1952 tok han til i hovudstadklubben Dukla Praha, der han frå 1953 til -66 var med på å vinne åtte seriemeisterskap.

Frå 1954 til 1966 spelte Masopust 63 landskampar for Tsjekkoslovakia og skåra ti mål. I 1960 deltok han då Tsjekkoslovakia i Marseille vann 2-0 over Frankrike i bronsefinalen under EM i fotball 1960. To år seinare var han sentral då Tsjekkoslovakia tok seg til finalen i VM i fotball 1962. Masopust gav Tsjekkoslovakia leiinga 1-0 i finalen i Santiago, men dei regjerande verdsmeistrane frå Brasil kom tilbake og vann 3-1. For sine prestasjonar i verdsmeisterskapen vart Maspoust vald til Årets spelar i Europa i 1962.

Kjelder endre